Hopp til innhold

Her er arvtakaren til Lydverket

Det nye musikkprogrammet «Studio1» på NRK2 skal fylle tomrommet etter at programmet Lydverket blei nedlagt i haust. Men denne gongen blir det ingen programleiar eller musikkjournalistikk.

Kaizers Orchestra

FØRST UT: Det nye musikkflaggskipet til NRK skal by på hitkonsertar og tid til å bli kjent med norske artistar. Først i manesjen i det nye programmet «Studio1» er Kaizers Orchestra.

Foto: Paal Audestad / NRK

NRK sitt nye musikkflaggskip skal by på musikkopplevingar i form av intime greatest hits-konsertar, rett frå NRK sitt studio på Marienlyst.

Musikkprogrammet er eit etterlengta konsept som kanskje kan glede dei som blei skuffa då Lydverket på TV blei nedlagt.

Men prosjektleiar Stig Karlsen kan fortelje at det ikkje er «Lydverket 2» som no skal starte opp.

– Vi skal lage eit program som gir folk meir ei musikkoppleving enn musikkjournalistikk. Med dette ønskjer vi å glede fansen og andre musikkinteresserte sjåarar, fortel Karlsen.

Saka held fram

Madcon

MADCON: Hip hop-duoen Madcon er ein av artistane på lista til det nye musikkprogrammet.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– Vi vil vie mest tid til musikken i dette programmet. Konseptet er at det skal vere ein intim livekonsert me dei største artistane vi har, der vi får høyre dei største låtane deira, seier han.

Artistane skal drive programmet sjølv

Programmet skal ikkje ha programleiar, men skal drivast av artistane sjølve, fortel Karlsen.

– Det skal vere tid og rom for å høyre om spennande og morosame historier frå artistane. Det er ikkje eit journalistisk tungt program, vi let musikken gjere det meste av praten.

Prosjektleiaren har sett seg lei av at folk på TV gjer ting dei ikkje kan, og vil med programmet «Studio1» la artistar gjere det motsette, nemleg nøyaktig det dei kan og det dei er kjende for.

– I ei tid der TV-trenden går ut på å utfordre artistar og kjentfolk til å gjere ting dei ikkje kan, er eg glad for at vi igjen kan by på eit program der artistane berre gjer det dei er absolutt best på, nemleg spele musikk og underhalde fansen, seier Karlsen.

Kaizers i bresjen

Kari Bremnes

BREMNES: Ei av episodane i det nye Studio1 skal handle om Kari Bremnes.

Foto: Richardsen, Tor / SCANPIX

På gjestelista i det nye programmet står dei kjende, norske artistane Madcon, Bertine Zetlitz, Bigbang, Åge Aleksandersen, Kari Bremnes og CC Cowboys.

Først ut i premieren 20. februar skal det handle utelukkande om Kaizers Orchestra.

– Korleis har de valt ut artistane?

– Vi har tatt kontakt med dei største og finaste artistane som vi meiner har livets rett. Det er desse programmet skal handle om, at dei skal gjere dei største låtane folk flest kjenner, seier prosjektleiaren.

– Vi har valt artistar som har brei appell og som treff mange. Alle vi har spurt har hatt lyst til å vere med på dette, fortel han.

– Frigjerande med nytt musikkprogram

Musikksjef i avis Nordlys, Egon Holstad, var svært negativ til at NRK la ned Lydverket i fjor haust, det einaste musikkjournalistiske programmet på marknaden.

Egon Holstad

IKKJE IMPONERT: Musikksjef i Nordlys, Egon Holstad, er glad for alle musikkprogram som dukkar opp, men er ikkje imponert over artistlista i Studio1.

Foto: NRK

– Eg er glad for kvar ein auke av musikkprogram som kjem på TV, og det er frigjerande at det no kjem eit program der artistane gjer det dei kan, seier han til NRK.no.

Han meiner at dei fleste programma som i dag brukar musikk som underhaldning ikkje går i djupna, noko Lydverket gjorde.

– Utifrå kva eg veit om dette, verkar det som noko eg tek imot med opne armar. Program som tek musikk på alvor gler meg, seier han.

Ikkje «Lydverket 2»

Men prosjektleiar i programmet Stig Karlsen seier at fellestrekka mellom Lydverket og det nye Studio1 ikkje er frykteleg mange.

– Det er eit nytt program med eit nytt namn, så det einaste fellestrekket her er at det dyrkar musikk og går i same flata som lydverket. Elles er det eit heilt nytt program, understrekar Karlsen, men seier det nok er etterlengta med eit program som handlar om ingenting anna enn musikk.

CC Cowboys

CC COWBOYS TIL STUDIO1: På lista over artistar til programmet står CC Cowboys.

Foto: Stian Lysberg Solum / SCANPIX

– Det er herleg at vi er på igjen med eit program som er dedikert til musikk. Forhåpentlegvis vil både fans, artistar og folk som elles er glad i musikk bli glade for dette, seier Karlsen.

Feirar ikkje med champagne

Sjølv om Egon Holstad i utgangspunktet er positiv, trur han ikkje Studio1 kjem til å fylle tomrommet etter Lydverket, og lista over artistar og band imponerer ikkje.

– Det er flott at NRK lagar eit musikkprogram, men det fyller ikkje holet etter den totale mangelen på musikkjournalistikk som tek føre seg dagens musikk. Det supplerer med litt meir substans, men fyller ikkje tomrommet.

– Eg tek ikkje av og kjøper ei kasse champagne for å feire dette, seier Holstad.

Programmet Studio1 har premiere 20. februar klokka 21.30 på NRK2.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.