Studenttrivsel i nytt senter

Det sosiale er viktig for at studiane skal bli vellukka, meiner bergensstudentane........nå har dei fått nytt studentsenter for 400 mill.kr.

Det nye studentsenteret i Bergen
Foto: Geir Rommetveit / NRK

Dei 27.000 studentane i Bergen som er med i Studentsamskipnaden har nå teke i bruk det nye studentsenteret som er bygt opp der det gamle senteret stod. Her har dei samla svært mange aktivitetstilbod for studentane i eit bygg som er både stort og lyst.

Treningssenter

Spinning-Geir
Foto: John Arnt Nøstdal / NRK

Her kan dei boltra seg i eit flott 25-meters symjebasseng med stupebrett, fleire solarium og badstu. Norges neststørste spinningsenter med 80 syklar er her, og dei kan velja mellom fleire idrettssalar. Den gamle idrettshallen er delvis bevart, men modernisert med overlys og nytt golv. Styrketreningsrom med mange ulike treningsapparat står også klar.

Studentgrupper kan bestilla treningstider i idrettssalane, og få dagar etter opninga var det ikkje mange ledige timar igjen. Så det er tydeleg at studentane prioriterer det å halda seg i form.

Bokhandel

I det gamle studentsenteret var der både post, bank, reisebyrå og bokhandel. I det nye er det bare bokhandel igjen. Men Studia her har svært godt tilbod både av fagbøker og skjønnlitteratur. Ein av dei som ofte er innom bokhandelen er Olav Nedrebø.

Olav Nedrebø har studert sidan 1973
Foto: Geir Rommetveit / NRK

Evighetsstudenten

Olav Nedrebø har studert ved Universitetet i bergen sidan 1973 !  og teke mange eksamenar, men aldri hovudfag. Nå satsar han på å klara master i nordisk neste år. Olav meiner fordelen med å studera er at han får allsidig kunnskap, noko som har eigenverdi i seg sjølv. Då han begynte å studera, var det mindre krav til at studentane skulle gjennomføra studiane på ei viss tid. I dag er det mykje strengare krav, seier Olav Nedrebø, som ikkje protesterer når han blir kalla evighetsstudent. På spørsmål kva han vil bli når han er ferdigstudert, nøler han og ler; pensjonist, kanskje !

Kantina er open og lys
Foto: Geir Rommetveit / NRK

I Norge Rundt fredag kl. 19.30 på NRK1  får vi mellom anna koma innom den nye, lyse kantina på Nygårdshøyden i Bergen