Medan enkelte andre land har tradisjonar for å pynte juletrea i god tid før julaftan, ventar mange nordmenn til vesle julaftan med å pynte treet. Men dei seinare åra har pyntinga starta tidlegare også her til lands. Det er ein god ting, seier interiørarkitekt Sigurd Storm.
– Når begge jobbar fulltid, er det godt å bli tidleg ferdig. Dersom ein startar tidleg, kan ein lene seg tilbake og nyte når jula endeleg kjem.
Sjølv startar han pyntinga av juletreet i november for å bli ferdig før 1. desember.
Interiørarkitekt Sigurd Storm startar pyntinga til jul tidleg. Han meiner det er naturleg at stadig fleire gjer dette, for å kunne nyte julefreden.
Foto: Rolf Petter Olaisen / NRKFryktar vi skal bli lei jula
Men kunsthandverkar og designar Lise Skjåk Bræk likar ikkje at tradisjonane ser ut til å endre seg. Ho meiner dette er eit uttrykk for ei aukande kommersialisering av jula.
– Det er fint å kunne vente, og bygge opp ei spenning. Men den kommersielle delen av jula startar no så tidleg, at folk blir lei av jula før ho har starta.
- Les:
- Les:
Med julepynta butikkar og julemusikk på radioen i vekevis før julefreden skal senke seg, meiner ho dei fleste bør kunne vente til vesle julaftan med å pynte treet.
– De fleste klarer å få pynta juletreet på vesle julaftan. Vi må ha noko å glede oss til, men eg fryktar vi brukar opp spenninga om vi pyntar treet for tidleg.
Kunsthandverkar og designar Lise Skjåk Bræk (t.h.) fryktar vi skal bli lei jula dersom vi startar pyntinga for tidleg.
Foto: Jon Arne Hoff Johansen / NRKTysk tradisjon
Pynta juletre er opphavleg ein tysk tradisjon frå 1500-talet. I Noreg kom dei første juletrea til Oslo i 1820-åra, skriv Store norske leksikon. Først var det dei velståande i byane som hadde juletre, men rundt 1880 blir det meir allment vanleg å ha juletre.
Tidlegare var det ofte barna sin jobb å pynte juletreet på føremiddagen julaftan, medan foreldra gjorde dei siste førebuingane. Men i meir velståande familiar venta barna i spenning bak lukka dører medan foreldra pynta treet.
Etter kvart blei det ein tradisjon for mange å pynte treet på vesle julaftan.
Utvatning av tradisjonar
Lise Skjåk Bræk meiner det har ein eigenverdi å hegne om dei gamle tradisjonane for pynting av juletreet.
– Ein tradisjon er ein overlevering mellom slektsledd, og er eit lim i samfunnet. Og dette gir oss ein identitet. Når folk no skal lage seg nye tradisjonar, er det med på å vatne det ut.
- Les:
- Les:
Men sjølv om han startar tidleg med pyntinga, treng ein ikkje gå «all in» med det same, seier Sigurd Storm.
– Det går an å starte tidleg, og heller bygge både pynting og stemning sakte opp mot julaftan. Då treng du ikkje vere redd for ikkje å kome i mål før julaftan.
- Les: