Hopp til innhold

Han rømde frå nazistane – no støttar han boka til Marte Michelet

Jødiske Leif Arild Levin var sju år då familien rømde frå nazistane. No kjem han med støtte til Marte Michelet si omdiskuterte bok.

Leif Arild Levin. 85 år gammal. Norsk med ein far som veks opp på Rjukan, men har samtidig rot i eit jødisk miljø frå Litauen og ein far som var Milorgleiar.

Leif Arild Levin er norsk, men har samtidig rot i eit jødisk miljø frå Litauen og ein svigerfar som var Milorgleder.

Foto: Ole Oskar Eriksen / NRK

– Eg var sju år. Og så fekk vi beskjed om at vi måtte flykte.

85 år gamle Leif Arild Levin hugsar godt da dei rømte til Sverige for å sleppe unna nazistane.

– Syster mi, som var fire år gammal, vart bore i ryggsekk og vi vart køyrt av garde til ein stad i nærleiken av Ørje.

Dei måtte gå til fots den siste strekninga.

– Eg synest det var veldig spesielt, men eg hadde ikkje noka eigentleg forståing av kva som gjekk føre seg.

Familien kom seg i tryggleik, men 773 andre norske jødar klarte ikkje det same og hamna i konsentrasjonsleir. Dei fleste av dei i Auschwitz.

I kjølvatnet av Marte Michelet si bok «Hva visste hjemmefronten» blir det igjen debattert om motstandsbevegelsen gjorde alt dei kunne for å forhindre dette.
Debatten starta etter at dei tre historieforskarane Elise Berggren, Bjarte Bruland og Mats Tangestuen i ein rapport-bok peika på det dei meiner er gal kjeldebruk i boka til Michelet.

Forskarane meiner det var antisemittisme i motstandsbevegelsen, men at Michelet si kjeldebruk leier til gale konklusjonar. Blant anna om fluktruter som vart stengd for jødar og tilfelle av pengeutpressing.

Levin tok kontakt med NRK fordi han gjerne vil seie det han meiner.

– Eg støttar Marte Michelet veldig mykje. Eg synest det er veldig bra at ho tar opp ein del av desse problema, seier han.

– Stilt spørsmål vi ikkje har våga

Han får støtte av Ervin Kohn, som er forstander i Det Mosaiske Trossamfund.

– Det er ei takksemd, for ho har stilt spørsmål vi ikkje har våga å stille, seier han.

Ervin Kohn intervjues av NRK

Leiaren i Det Mosaiske Trossamfund Ervin Kohn håpar at folk tør å fortsetje å stille spørsmål om korleis jødane vart behandla under krigen.

Foto: Peter Kuzinski / NRK

Rapport-boka «Hva visste hjemmefronten» frå dei tre historieforskarane ser Ervin Kohn som ein del av ein debatt.

– Eg ser på rapporten som eit innlegg i debatten. Og Marte Michelet må svare slik det er i debattar. Men å diskreditere heile boka og avskrive Michelet heilt er det heller ikkje grunnlag for, seier Kohn.

Mats Tangestuen seier det ikkje er fenomenet antisemittisme blant motstandsfolk dei kritiserer, i si rapport-bok.

– Alle er einige om at det var antisemittisme i Noreg under, før og etter krigen. Og sjølvsagt var det også folk i motstandsbevegelsen som hadde slike haldningar.

– Det er ikkje dét boka handlar om. Ho handlar om Michelet si framstilling og om den har grunnlag i kjeldematerialet, seier han.

Mats Tangestuen er faglig leder for Jødisk Museum i Oslo. Han hadde hørt om et møte om Norge skulle ta imot polske jøder på flukt. Møtet ble nøkkelen til å finne ut hva som egentlig skjedde.

Mats Tangestuen er fagleg leiar ved Jødisk Museum i Oslo, og historikar med norsk-jødiske flyktningar og Holocaust som spesialfelt.

Foto: NRK

Splitting i det jødiske miljøet

Også folk i det jødiske miljøet har vore kritiske til Marte Michelet si bok. Dei peiker blant anna på at 1200 jødar vart redda under krigen.

Og at dei som redda jødar gjorde det med livet som innsats.

Men Ervin Kohn meiner han snakkar på vegner av fleirtalet i Det Mosaiske Trossamfund når han er takknemleg for boka.

– Marte Michelet bidrar til at den norske forteljinga om krigen, den store forteljinga, inkluderer det største brotsverket, altså det som skjedde med jødane. Det har i alle dei fyrste 40–50 åra etter krigen ikkje vore ein del av forteljinga om krigen.

Hva visste hjemmefronten? Av Marte Michelet

«Hva visste hjemmefronten» av Marte Michelet.

Redd for at det skremmer vekk forskarar

Han fryktar at den harde kritikken av boka til Michelet kan skremme vekk andre som vil stille dei same spørsmåla som ho.

– Eg håpar dette ikkje fører til at dei som vil forske på dette vel det bort. Eg synest at vi må få meir forsking og ikkje mindre, seier Kohn.

Mats Tangestuen meiner redselen til Kohn er heilt ugrunna.

– Vi skal forske meir på det. Og vi deler ønsket til Kohn og Levin om at norsk-jødisk historie skal ha ein stor plass i norsk offentlegheit.

Mats Tangestuen seier at han nettopp derfor meiner det er viktig at det som blir skrive har godt grunnlag i kjeldematerialet. Og at ein peiker på det når ein ser det han meiner er alvorleg brot på redeleg kjeldebruk.

ZABp1gcWZCw

Forfattar Marte Michelet seier til NRK at ho og forlaget jobbar med eit grundig tilsvar på kritikken.

Foto: Berit Roald / NTB

Marte Michelet seier til NRK at ho er takknemleg for støtta frå Kohn og Levin.

Ho og forlaget Gyldendal legg til at dei jobbar med eit grundig tilsvar til kritikken.

Kulturstrøm

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK
  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober