Hopp til innhold

Større «Trekant»-pågang enn i fjor

Dei som blir valt ut kan vente seg drøyare oppgåver enn Thomas, Marie og Pia.

– Det kan bli meir onanering denne sesongen, seier prosjektleiar.

Trekant

Marie Kinge (på golvet), Pia Dailey Christoffersen og Thomas Albertsen Dahlen var programleiarar i 'Trekant'. Dei testa ulike fetisjar i programmet.

Foto: Tom Øverlie / NRK P3

– Deltakarane blir kanskje bedt om å dra på drøyare oppdrag enn i fjor, men vil dei ikkje, så blir dei sjølvsagt ikkje tvinga til noko, seier prosjektleiar i «Trekant», Åslaug Sem-Jacobsen, til NRK.no.

TV-programmet går inn i sin andre sesong, og fristen for å melde seg på som deltakar er sett til søndag 22. mai.

Nytt av året er at dei som blir trekt ut skal få oppgåver knytt til tema som blir tatt opp.

Marie Kinge

Marie Kinge på audition i 2010. Ho var ein av dei som vart trekt ut blant 300 til å vere programleiar for 'Trekant' første sesong.

Foto: NRK

– Det betyr jo at dei må vere med på meir. Dei får sjølvsagt ikkje lov å ha sex foran kamera, men eg trur nok det blir meir onanering denne sesongen, seier Sem-Jacobsen.

Aktuelt å inkludere porno

I fjor fekk deltakarane lære om pornostillingar, noko som vekte debatt. I år blir det vurdert å lage eit heilt program om porno. Også analsex er eit aktuelt tema som kan bli tatt opp.

– Dette er tema som målgruppa er opptatt av og blir eksponert for. «Trekant» handlar om å normalisere sex, men det er også viktig for oss å poengtere kva som er verkeleg og kva som ikkje er det. Mange unge trur at ein må ha analsex eller at røynda er slik som på pornofilm, seier Sem-Jacobsen.

Programmet vil også fokusere meir på grensesetting og refleksjon rundt tema som blir tatt opp i år.

– Botnlinja er at sex er gøy og bør utforskast, men at det er viktig å kjenne på eigne grenser, fortel Sem-Jacobsen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Thomas

Thomas Aløbertsen Dahlen skjuler seg bak denne maska. Dei som tek over etter han og dei to andre programleiarane kan få enda drøyare oppgåver.

Foto: Tom Øverlie / NRK P3

– Bør vere utadvendte

360 personar kan tenkje seg å bli ein av dei nye programleiarane. I fjor var det rundt 300 søknadar, og dei siste dagane før fristen kom det 100 søknadar på rappen. Difor forventar dei castingansvarlege fleire søknadar fram mot fristen.

– Vi ser etter oppegåande, jordnære ungdommar som ikkje er redde for å by på seg sjølve. Dei bør vere utadvendte, nysgjerrige, ha sjølvinnsikt og vere interessert i å kjenne på eigne grenser i jakta på kunnskap om sex, seier castingansvarleg Jennifer Bråthen til NRK.no.

Ho fortel at fleire av søkjarane i år gir tilbakemelding om at dei er veldig nøgde med første sesong av «Trekant» og fleire meiner dei har fått eit betre forhold til seg sjølve og sitt eige sexliv etter å ha sett på.

Programmet skapte stor debatt då det vart sendt på NRK3 i vinter, men vann Gullruten for «Beste reality» og «Beste nyskapning» nyleg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Trekant - Gullruten

Trekant vann Gullruten for 'Beste reality'. Her mottar deltakarane Thomas, Marie og Pia prisen.

Foto: Marit Hommedal / SCANPIX

Like mange gutar og jenter

– Foreløpig ser det ut til at det er like stor interesse blant både gutar og jenter uansett legning. Søknadane i år er tydeligare og ærligare enn i fjor, og søkjarane byr på seg sjølve både når det kjem til fantasiar, erfaringar, flauser og sorger, seier Bråthen.

Åslaug Sem-Jacobsen trur grunnen til at så mange har meldt seg på, tross i at terskelen er høgre i år, er at programmet tar for seg sex på ein seriøs måte. Ho trur også det har mykje å gjere med deltakarane som var med.

– Folk kunne identifisere seg med dei. Samtidig syntest det veldig godt at dei hadde mykje moro saman, seier ho.

Aldersgrensa er 18 til 25 år, både gutar og jenter av alle legningar kan søkje, men det er eit krav at du er singel.

  • Sjå alle episodene frå sesong 1 her

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.