NRK Meny
Normal

Støre: – Kulturpolitikken har abdisert i fire år

OSLO (NRK): I årets valkamp relanserer Arbeidarpartiet forslaget om at éin prosent av statsbudsjettet skal gå til kultur. Samtidig går dei hardt ut mot regjeringa, og seier at kultursatsinga har stoppa heilt opp.

Arbeiderpartiet legg fram kulturløftet 2017

PÅ ØYAFESTIVALEN: Stortingsrepresentant Hege Haukeland Liadal, kulturpolitisk talskvinne Anette Trettebergstuen, statsministerkandidat Jonas Gahr Støre og mediepolitisk talsmann Arild Grande valte å lansere Det nye kulturløftet på Øyafestivalen på Tøyen i Oslo.

Foto: Stine Traaholt / NRK

– Nå treng vi å få attende kulturpolitikken, etter at han har abdisert i fire år. Vi må ha ein kulturpolitikk som vil noko, seier arbeidarpartileiar Jonas Gahr Støre.

Jonas Gahr Støre i skogen 5

VIL SATSE PÅ BARN OG UNGE: Arbeidarpartileiar Jonas Gahr Støre vil at barn og unge skal oppleva og utøve meir kultur.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Han er på omvising på Øyafestivalen i Oslo med eit viktig bodskap. Medan publikum blir losa inn på festivalområdet på Tøyen, vil Støre bringe kulturpolitikken inn i valkampen.

Saman med partifellane Anette Trettebergstuen, Hege Haukeland Liadal og Arild Grande, lanserte Støre partiet sitt nye kulturløft onsdag føremiddag.

– Vi må ha ein ambisjon om at delar av verdiskapinga vår går til kultur, seier statsministerkandidat Støre.

Éin prosent av statsbudsjettet til kultur

Arbeidarpartiet sitt kulturløft er det fjerde i rekkja, det fyrste vart lansert i 2005 i tett samarbeid med Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti. Nå som da vil partiet at éin prosent av statsbudsjettet skal gå til kultur.

– Pengar kjem ikkje til å løyse dei utfordringane vi har i Kultur-Noreg. Men vi må vera villige til å prioritere dette framfor å gjeva store skattekutt til nokre få, i tru om at det vil risle ned over alle andre område, seier Støre.

Kulturløftet 3 presenteres

KULTURLØFTET 3: Den dåverande raud-grøne regjeringa lanserte det førre kulturløftet i samband med valkampen for fire år sidan.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

Kulturløfta vart på initiativ av den raud-grøne regjeringa evaluert i 2013. Utvalet rosa dei for meir pengar til store kulturinstitusjonar. Men dei kritiserte at kulturen likevel ikkje nådde ut til fleire publikumarar.

Anette Trettebergstuen

ALLE SKAL MED: Alle skal kunne oppleva kultur, uavhengig av bustad, funksjonsnivå, kjønn, alder og økonomi. Det er eitt av måla til Anette Trettebergstuen.

Det som har blitt kalla den kulturelle grunnmuren, som for eksempel folkebiblioteka, stod att som tapar. Dette vil dei gjera noko med nå, seier Anette Trettebergstuen.

– Vi skal byggje kultur rundt om i fylka og i alle kommunar, og senke terskelen for deltaking. For vi ser at det framleis er stor skilnad i kven som er brukarar av kultur, og at det handlar for mykje om lommebok og bakgrunn.

Saknar prioriteringar

Bård Folke Fredriksen (H) er statssekretær i Kulturdepartementet. Han seier at det framleis er behov for å satse vidare på kulturpolitikken, men han ser ikkje så mykje nytt i målsettingane til Arbeidarpartiet.

Bård Folke Fredriksen

GJENTAKINGAR: Bård Folke Fredriksen i Høgre ser ikkje mykje nytt med Det nye kulturløftet.

Foto: Bendiksby, Terje / Scanpix

– Dette kulturløftet er gjentakingar av tidlegare kulturløft. Det er mykje her som mange kan vera einige i. Det største paradokset er at det verkar som om Arbeidarpartiet ikkje prioriterer nokon ting.

Fredriksen trur dermed at resultata vil bli omtrent dei same som etter evalueringa i 2013.

– Det er ein fare for at det ikkje blir meir kultur ut av dette, ikkje betre kunstnarøkonomi og heller ikkje fleire publikumarar, sjølv om ein brukar meir pengar.