Hopp til innhold

Halvparten av norske unge: Burde vere forbod mot heimefestar inntil vidare

Fleire unge meiner dei har fått ufortent kritikk for festing då landet var koronastengt. Ei ny undersøking viser at dei fleste unge tok krisa på alvor.

Portrett av Dennis Li, Simen Berge og Kari Løkkevik Haugom

FORSIKTIGE: Dennis Li (20), Simen Berge (20) og Kari Løkkevik Haugom (19) har nøye følgt retningslinjene frå regjeringa når dei har vore på fest.

Foto: Emily Louisa Millan Eide / NRK

– Dette er kjempebra. Det viser at ungdom har fått litt mykje ufortent kritikk den siste tida.

Simen Berge i St hanshaugparken

IKKJE OVERRASKA: Simen Berge er student på OsloMet. Han er ikkje overraska over det som kjem fram i undersøkinga.

Foto: Emily Louisa Millan Eide / NRK

Det seier Simen Berge (20), som er positivt overraska over dei unge sitt forhold til festing under korona.

– Eg hadde trudd at fleire var på fest med fleire enn anbefalt. Det viser berre at ungdomen er smarte.

Nær 80 prosent av unge mellom 18 og 25 var ikkje på fest med fleire enn anbefalt, då landet var i krisetilstand.

For Berge og venene vart små samankomstar med maks fem personar, normalen under koronatida.

– Det var ikkje før i fadderveka, at eg var med på festlegheiter der fleire enn fem stykk var til stades. Då var vi opp til 20 stykk i grupper.

Fekk festpanikk

Ei spørjeundersøking som Kantar har utført for NRK, viser at ein stor del av dei unge har tatt koronarestriksjonane på alvor. Ein av tre drakk også mindre når landet var koronastengt.

Kari Løkkevik Haugom i St Hanshaugparken

VAR RUSS: Kari Løkkevik Haugom (19) var russ før sommaren og studerer no på OsloMet.

Foto: Emily Louisa Millan Eide / NRK

Kari Løkkevik Haugom (19) var russ då krisa inntrefte. For ho er solidaritet og samarbeid for å bli kvitt viruset viktig.

– Eg tenker at når vi er i ein slik situasjon som vi har vore, so er ikkje slike småting som russetid so farleg.

Sjølv om Kari har vore påpasseleg med å følgje einmetersregelen, ikkje handhelse og ikkje dele drikke med folk på fest, hamna ho nyleg i ein situasjon som fekk ho til å reagere:

– Eg var på ein fest der vi bikka 20 stykk. Vi var kanskje 23 stykk. då fekk eg fullstendig panikk. Kva har eg gjort no? Spreidd smitte? Men det gjekk heldigvis fint. Det har ikkje vore mykje festing altso.

Halvparten er veldig strenge

Dei siste vekene har det vore tallause oppslag om festar som har vorte stoppa av politiet og ungdomar på sjukehus fordi dei har vore på fest i ein bunker.

Fest

ENDRA SEG BRÅTT: Festkulturen endra seg brått då koronakrisa inntrefte Noreg.

Foto: Kyrre Lien / NTB scanpix

Men undersøkinga viser at no, sjølv om ting har opna litt opp att, so tek framleis halvparten av ungdomane restriksjonane på alvor.

Omtrent halvparten meiner at det ikkje er greitt å delta på fest med under 20 personar, om ein ikkje kjenner alle som kjem. Omtrent like mange svarar at dei ikkje kjem til å delta på festar framover, før myndigheitene seier at det er tryggare enn i dag.

Ikkje nok med det: 47 prosent meiner at det faktisk burde vere forbod mot heimefestar inntil vidare. 38 prosent er ueinig.

Det burde inntil vidare vere forbod mot heimefestar

Svaralternativ

Prosent

Heilt einig

22 %

Litt einig

25 %

Korkje eller

13 %

Litt ueinig

21 %

Heilt ueinig

17 %

Veit ikkje/ikkje relevant

2 %

Alle unge er ikkje uansvarlege

Julius Dalen Grasaasen har skrive kronikken «Unge som syndebukkar», der han meiner at ungdomen har fått ufortent kritikk av media og myndigheitene. Det som kjem fram i Koronaundersøkinga bekreftar det han sa for ein månad sidan.

Julius Dalen Grasaasen

KRITISK: Julius Dalen Grasaasen er sjølv student på UIO. Han kritiserer måten media og myndigheitene gir dei unge skulda for at smitten spreier seg.

Foto: Emily Louisa Millan Eide / NRK

– Det forundrar meg ikkje. Eg kjenner meg ikkje att i bilete som er teikna av all ungdom som totalt uansvarleg. At dei ikkje tek ansvar for smittevern eller nokon andre enn seg sjølv.

– Det var eigentleg ganske herleg å lese dei tala, at ein faktisk kan seie at ungdomen er flinke og ikkje berre gjer galne ting. Då får ein nyansert det biletet som blir teikna av ein utagerande ungdomskultur. Det er fint.

Dennis Li i St hanshaugparken

NOKRE ØYDELEGG: Dennis Li (20) synest det er dumt at nokre unge øydelegg for resten.

Foto: Emily Louisa Millan Eide / NRK

Dennis Li (20) meiner at dei som deltek på store heimefestar, øydelegg for veldig mange ungdommar.

– Det går ut over andre som ønskjer å ha ein liten heimefest, berre med dei næraste venene. Eg synest er veldig teit, då. Li studerer sjukepleie ved OsloMet.

Undersøkinga viste også at halvparten trente mindre og at ein tredjedel åt meir usunt då landet var koronastengt.

Kulturstrøm

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK
  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober