Her kan du sjå bilete frå tevlinga:
Open klasse under Landskappleiken 2002
16 av 20 påmelde stilte opp under tevlinga torsdag kveld. Ei variert klasse både i uttrykk og kvalitet. Mykje hadde ein høyrt før, men det har ikkje tidlegare vore mogleg å oppleve nettopp dette under tevlingar på Landskappleiken. Open Klasse er truleg komen for å bli.
Nye utfordringar
Det nye ved denne klassa er at ein fritt kan velje instrumentkombinasjonar. Litt av poenget er også at ho skal opne for kreativ arrangering av den eldre folkemusikken. Her er det fritt fram for å gje springar, rull, halling, gangar og vals ei ny musikalsk drakt. Nytt er også systemet for døming, der berre poengsummane for dei tre beste blir offentleggjort. Resten av deltakarane blir rangert utan nokon poengsum.
Kompetente dommarar
Til å døme denne klassa var det
Bjørn Aksdal, Carl Petter Opsahl og Arne Moslåtten
henta inn kyndig dommarar som skulle dømme alle sider ved denne nye klassa. Ein av desse var Bjørn Aksdal, amanuensis ved Rådet for folkemusikk og folkedans med brei erfaring og kjennskap til norsk folkemusikk. Aksdal var også for ein del år sidan ein av programleiarane for "Radiokappleiken", eit konkurranseprogram om kunnskapar i norsk folkemusikk. Aksdal er også dommar i klassa for spel på vanleg fele under årets landskappleik.
Arne Moslåtten frå Ål, er tidlegare vinnar av Landskappleiken med sitt fløytespel, men er vel fyrst og fremst kjent som fløytist, gitarist og tekstforfattar i gruppa Hellbillies. Han er også kjent for å ha fornya den norske stevtradisjonen med samlinga "Stev på hjernen".
Tredje dommar i panelet var Karl Petter Opsahl, klarinettist og medlem av Chateu Neuf spellemannslag. Han har først og fremst si musikalske rot innanfor jazzmusikken, men meinar folkemusikk og jazz har mange fellestrekk.
Meisterleg frå Majorstuen
Samspelet i Open klasse varierte alt frå to feler i samspel til grupper og lag med ulike instrumentsamansetningar. Også den vokale folkemusikken vart godt representert. Den to timar lange førestillinga først og fremst var variert i kvalitet. Ikkje langt nær alle hadde makta å gje framføringane eit heilskapleg uttrykk med eit klart og tydeleg bodskap til publikum. Men, utan tvil vart det ei variert framsyning av kva norsk folkemusikk i eit utvida omgrep kan by på.
I ein klasse for seg sjølv var Majorstuen spelemannslag. Dette er eit ungt lag som er sett saman av folkemusikkstudentar ved Musikkhøgskolen i Oslo. Men spenstige arrangement, bevisst bruk av tekniske og musikalske virkemiddel og drivande godt samspel, gjer laget til ein klar favoritt. Majorstuen spelemannslag er eit ungt lang med vital framføring og formidlingsevne.
Majorstuen spelemannslag
Komen for å bli
Open klasse under er eit sprekt forsøk på å gje tevlinga på Landskappleiken eit meir variert og forfriskande innhald. Men dette gjev også hovudorganisasjonen, Landslaget for Spelemenn, nye utfordringar. Kor langt skal ein strekke seg for å kunne seie at alle framføringar er tufta på dei eldste formene i folkemusikken? Nettopp dette kan bli ei utfordring i åra som kjem. Det rår ingen tvil om at dømminga baud på utfordringar for dommarpanelet dette fyrste året. Open klasse vil vel ikkje ukritisk kunne romme all form for nyskaping? For enkelte av deltakarane i Vågåhallen torsdag er Open klasse på landskappleiken neppe det rette forumet å presentere seg i.
Tekst og foto Gunn Sølvi Gausemel