Stoppar biografi etter skuldingar om overgrep

Forlaget WW Norton har stoppa ein biografi om Philip Roth etter at fleire kvinner har skulda forfattaren av boka for seksuelle overgrep.

Blake Bailey

På 1990-talet var Blake Bailey lærar ved ein skule i New Orleans. Seinare har han skrive fleire biografiar om kjende forfattarar.

Foto: David Shankbone

Blake Bailey har tidlegare skrive biografiar om kjende, amerikanske forfattarar som Richard Yates, John Cheever og Charles Jackson.

I 2012 fekk han oppdraget med å skrive den offisielle biografien om forfattaren Philip Roth, som ofte blei rekna som ein av favorittane til Nobels litteraturpris, men som aldri fekk han.

– No jobbar eg for Blake Bailey. Lønna er ikkje så god. Men han tar ei byrde av ryggen min, sa Roth i eit intervju med New York Times i forbindelse med at han hadde slutta å skrive.

Bailey fekk tilgang til Roths arkiv, familie og vennar. Før han døydde i 2018 blei Roth også intervjua inngåande av biografen fleire gongar.

Philip Roth

Den amerikanske forfattaren Philip Roth blei ofte rekna som ein av favorittane til Nobelprisen i litteratur. I 2012 valde han Blake Bailey som sin biograf. Han bidrog i arbeidet med boka fram til han døydde i 2018, 85 år gammal.

Foto: Richard Drew / AP

Stoppa på ubestemt tid

Den nesten 900 sider lange biografien «Philip Roth: The Biography» kom ut i byrjinga av april i år. Men denne veka stoppa forlaget WW Norton boka inntil vidare etter at fleire kvinner skulda Bailey for seksuelle overgrep då han var lærar på ein ungdomsskule på 1990-talet, skriv The Guardian.

Bokomslaget til biografien om Philip Roth

Bailey brukte over åtte år på skrive biografien om Philip Roth som forlaget no har stoppa på ubestemt tid.

Foto: AP

– Skuldingane er alvorlege. I lys av desse har vi valt å stoppe utsendinga og marknadsføringa av biografien til vi har fått meir informasjon, seier forlaget til nyheitsbyrået Associated Press.

I tillegg til at forlaget no har stoppa boka, har også agenten hans, The Story Factory, varsla at dei også bryt samarbeidet.

– Vi avslutta kontrakten umiddelbart etter at vi fekk høyre om desse skuldingane, seier dei til LA Times.

Innleia forhold

Fleire elevar ved skulen i New Orleans har fortalt at Bailey innleia forhold til elevar, og sende lappar og kom med flørtande kommentarar.

Han fekk dei til å fortelje om kjærleikslivet sitt. Enkelte elevar skal også ha blitt oppfordra til å lese boka «Lolita», om forholdet mellom ein litteraturprofessor og ei mindreårig jente, skriv avisa The Times-Picayune/New Orleans Advocate.

Elevane seier han heldt kontakten med dei gjennom den vidaregåande skulen, og innleia seksuelle forhold etter at dei var uteksaminerte.

Ei kvinne fortalde avisa at ho blei valdteken av Bailey då ho var 22. Då jobba ho som journalist, og møtte sin tidlegare lærar under ein bokturne.

Kallar skuldingane falske

Sjølv nektar Bailey for å ha gjort noko gale. Advokaten hans, Billy Gibbens, kallar varsla for absurde.

– Herr Bailey har aldri vore upassande med elevar og fekk aldri klager då han var lærar for over 20 år sidan. Skuldingane som kjem fram no er falske og sårande. Herr Bailey har aldri behandla ei kvinne upassande eller pressa seg på ei kvinne, seier han til The Times-Picayune/New Orleans Advocate.

Avisa har også vore i kontakt med skulen der elevane gjekk, Dei seier at dei ikkje kjenner til at det skal ha kome klagar om upassande framferd på Bailey medan han jobba der. Han var lærar ved skulen i rundt ni år.

Kulturstrøm