Suzanne Heidenstrøm Bakke frå Tønsberg har ein drøm. Ein dag i framtida vil ho leve av musikken, kanskje bli artist og få stjernestatus? For å nå dit må ho arbeide knallhardt og ikkje minst vere seg sjølv. Den talentfulle 16 åringen er vinner av P1 demo, veke 25 med songen "This is who I am".
- Å vere seg sjølv er svært viktig for meg. Utan beina godt planta på jorda når ein ikkje langt, seier Suzanne.
Scenevant
Den unge dama frå Tønsberg er ikkje ukjend i musikkmiljøet i byen. Sidan ho sprang rundt i barneskoa og nynna til barnestjerna Jannike, har ho stått på scena.
- Eg har vore med på fleire talentkonkurransar. I tilegg har eg også vore på tv, poengterer ho.
Då ho var10 år gammal var ho med i juniorsjansen på TV3, i haust skal ho vere med i talentkonkurransen North Sea i Kristiansand.
Plateselskapa luktar
Suzanne er inspirert av både Pink og Anastacia og likar best låtar som ho kan plassere i stilkategorien drum`n bass. Med ein ivrig musikalsk far som hjelpar har ho og lukkast å kome i kontakt med plateselskap.
- Eit av plateselskapa eg har sendt inn demo til ville gjerne høyre meir. Kanskje er det eit godt teikn, spør Suzanne og håper at låten "This is who I am" har gjeve meirsmak.