For åttande gong på rad skal fredsprisvinnaren hyllast med eigen konsert. Fredspriskonserten dagen etter sjølve utdelinga, har etablert seg som ein svært så viktig markering av utdelinga. Artistane seier svært sjeldan nei til å stille opp gratis, seier produsent Odd Arvid Strømstad i Dinamo.
- Når vi ringer seier 99 prosent at dette vil dei svært gjerne vere med på. Det ser ut som dei ser på det som ei ære å få delta. Sjølvsagt har etablerte og kjende artistar planar i lang tid føre. Det gjer at det av og til ikkje er mogeleg praktisk å få dei til Oslo, men mange flyttar og på arrangement for å få vere med.
Ekteparet. Catherine Zeta-Jones og Micheal Douglas skal leie showet i Oslo 11. desember. Her frå filmpreimere i Hollywood. AP Photo/Kevork Djansezian.
Filmektepar
Til no er det berre filmekteparet Michael Douglas og Catharine Zeta-Jones som har annonsert sin antre til Oslo. Dei to skal leie showet som også i år går av stabelen 11 desember.
- Det er kjempetriveleg å få dei to hit. Dei er vel kanskje det mest profilerte paret i Hollywood akkurat no, og er båe to svært fredsengasjerte, fortel Strømstad.
- Douglas er FN ambassadør og har i lang tid kjempa mot kjernevåpen. I tillegg symboliserer dei to noko av det vi står for, fred og fridom over heile verda. Douglas er amerikanar medan Zeta-Jones er brite.
Kanskje kjem David Bowie til Oslo i år? Her frå konserten i København nyleg. Foto: AP/Nils Meilvag/Nordfoto.
Fleire stjerner
Gjennom åra har svært mange etablerte artistar vore på scena i Oslo Spektrum. Odd Arvid Strømstad kan garantere at lista er svært god også i år.
- Vi kan diverre ikkje røpe noko enno. Det har med avtalar og kontraktar å gjere. Men eg kan love at det blir like stjernespekka som tidlegare år.
- Kva slags type artistar kjem?
- Det må vere ei blanding. Både worldmusic-artistar som vi har hatt med før og aktuelle artistar. Det som er viktig er at dette ikkje blir noko rein lanseringskonsert for artistar som er plateaktuelle. Men ta David Bowie då som eit døme. Han er plateaktuell i desse tider, svært så kjend og ikkje minst etablert.
- Så han kjem?
- Hehe... det får vi sjå på, humrar Strømstad
Aldri eit HitAwards
- Eit viktig poeng for oss er å framheve at dette ikkje skal vere ein kopi av eit stort poppshow med glamour og alt som er.
- Kvifor ikkje?
- Dette skal vere ei hylling av fredsprisvinnaren. Vi skal ha artistar i ulike genrar. Folk skal ha respekt for dei artistane som står på scena, samstundes som ein veit at dette er etablerte og kjende fjes.
I fjor stod Willie Nelson, Santana, Sissel Kyrkjebø, Mari Boine, Suede, Josh Groban, Angelique Kidjo, Michelle Branch, Jessye Norman, Laura Pausini, Joaquin Cortes og Kringkastingsorkesteret på scena.
- Det er ein fin samansetning. Vi håper på noko liknande i år, seier Strømstad som lover å gå ut med namna i løpet av dei neste vekene.