NRK Meny
Normal

Stjernekamp rocka seg i gang

Songar av U2, Queen og Alice Cooper var blant det som stod på programmet då den sjette sesongen av Stjernekamp starta laurdag kveld.

Synger "American woman"

Ida Maria var på heimebane i stadionrock, og hadde eitt av dei meir utagerande sceneshowa i kveldens premiere av Stjernekamp.

Stadionrock var den første sjangeren ut då Stjernekamp 2017 opna laurdag kveld. Det blei pyroshow, sceneshow og høg lyd. I løpet av ti veker skal deltakarane prøve seg i ulike sjangrar, før årets vinnar blir kåra i slutten av oktober.

Thomas Felberg og Mona B. Riise har vore dei faste dommarane i Stjernekamp dei siste sesongane. I kveld fekk dei selskap av Torgny Amdam som var fagdommar og mentor for deltakarane.

Alle får synge EDM

Ingen av deltakarane blei sendt heim i kveld. Men alle telefonstemmene som kom inn i kveld, blir lagde saman med dei stemmene som kjem neste veke. Då er sjangeren EDM. Dei tre som fekk færrast stemmer i opningsprogrammet var Hilde Lyrån, Gaute Ormåsen og Benedicte Adrian. Det tok Lyrån med fatning etter sending.

– Det er opp til publikum å avgjere kven dei synest gjorde det best i kveld. No er det EDM neste veke. Det blir heller ikkje ein enkel sjanger, men eg skal jobbe på for å vise dei der heime at eg fortener å vere med vidare.

Her er songane og tilbakemeldingane frå første sending:

Didrik Solli-Tangen: «Where The Streets Have No Name» (U2)

Didrik Solli-Tangen i Stjernekamp 2017
Foto: Julia Marie Nagelstad / NRK

Didrik Solli-Tangen var første mann ut i kveld med U2-låten frå «The Joshua Tree» som kom i 1987. Og dommarane meiner han kom godt frå det.

Riise: Eg er alltid nervøs når klassiske songarar skal synge rock. Men i det du startar å synge, så forsvinn all nervøsiteten. Du leverer bra, og har valt heilt rett låt.

Felberg: Du fyller pompøsiteten til Bono på din måte. Men du klarer å halde igjen. Rett val. Bra start.

Amdam: Eg tenkte dette skulle bli operarock, men tok feil. Dette blei bra. Du formidla veldig bra. Du sprang også ein runde på scenen, og kanskje kunne du gjort enda meir av det.

Hilde Lyrån: «Rock You Like A Hurricane» (Scorpions)

Hilde Lyrån i Stjernekamp 20127
Foto: Julia Marie Nagelstad / NRK

Hilde Lyrån hadde valt seg Scorpions og «Rock You Like A Hurricane» som kom i 1984. Og dommarane var begeistra.

Felberg: Du har ei kul rockestemme. Dette var veldig gøy å høyre på.

Amdam: Eg blei litt sett ut. Du klarer å vise kva det vil seie å vere «rocka». Du har ein herleg sleivete autoritet, og syng veldig bra.

Adam Douglas: «Here I Go Again» (Whitesnake)

Adam Douglas i Stjernekamp 2017
Foto: Julia Marie Nagelstad / NRK

Adam Douglas kjem opphavleg frå Oklahoma, men har budd 10 år i Norge etter at han møtte ei norsk kvinne på spelejobb her i landet. Han song «Here I Go Again» med Whitesnake frå 1982.

Amdam: Du har ein fin klang i stemma og er ein dyktig vokalist. Men du har litt å gå på når det gjeld sceneshow. Tenk på det vidare i konkurransen. For alt det andre har du.

Riise: Du ser så snill ut, men så har du ei stor stemme med mørk klang. Du er sjukt god!

Felberg: Eg er kjempeimponert. Dette er verdsklasse!!

Lisa Børud: «Don't Stop Believin'» (Journey)

Lisa Børud i Stjernekamp 2017
Foto: Julia Marie Nagelstad / NRK

Årets yngste deltakar hadde song «Don't Stop Believin'» av Journey frå 1981. Sangen fekk ny popularitet i 2007 då han blei brukt i avslutningsscena av TV-serien «Sopranos».

Riise: Det er gøy å høyre deg synge. Sjølv om du er ung, så høyrer vi at du har sunge mykje. Du syng klokkeklart og reint. Dette var bra, og det kjem berre til å gå oppover.

Amdam: Det er ikkje noko å utsetje på denne framføringa.

Erlend Bratland: «Poison» (Alice Cooper)

Erlend Bratland i Stjernekamp 2017
Foto: Julia Marie Nagelstad / NRK

Erlend Bratland song ein av dei største kommersielle suksessane til Alice Cooper, «Poison» frå 1989.

Felberg: Du syng inderleg og godt. Du har fin dynamikk mellom vers og refreng. No var vi på konsert.

Amdam: Dette var ei sterk framføring. Eg trur på deg og måten du syng på. Du har ein god intensitet.

Ida Maria: «American Woman» (The Guess Who)

Ida Maria i Stjernekamp 2017
Foto: Julia Marie Nagelstad / NRK

Stadionrock er på mange måtar heimebane for Ida Maria. Ho song «American Woman», mest kjend i versjonen til Lenny Kravitz og brukt i filmen «Austin Powers – Spionen som spermet meg» frå 1999. Låta vart laga i 1969 av den kanadiske gruppa The Guess Who.

Riise: Du har valt ei av dei vanskelegaste låtane i kveld, men du gjer ei framifrå framføring. Du klarer å både vere stykk og sexy på ein gong. Og så gler eg meg til å sjå deg i sjangrar som ikkje ligg deg så nær.

Amdam: Dette fiksar du. Du har ein herleg snerr i stemma, og eg ser at du har gjort dette før.

Gaute Ormåsen: «Too Much Love Will Kill You» (Queen)

GAute Ormåsen i Stjernekamp 2017
Foto: Julie Marie Nagelstad / NRK

Etter at han blei nummer to bak Kurt Nilsen i den første sesongen av Idol, har Gaute Ormåsen blitt ein folkekjær artist. I kveld song han Too Much Love Will Kill You av Queen.

Amdam: Dette er den einaste balladen i kveld. Og den syng du godt. Men du svidde kanskje av litt mykje krut litt tidleg. Så du kunne kanskje ha halde litt igjen.

Felberg: Kanskje ikkje den mest kjende Queen-låten, men du formidlar ho på ein god måte. Dette ligg kanskje litt opp mot det du gjer til vanleg, så eg gler meg til å gjere sjangrar vi ikkje er så vande med å sjå deg i.

Makeda: «Back In Black» (AC/DC)

Makeda i Stjernekamp 2017
Foto: Julia Marie Nagelstad / NRK

I fjor kora ho då sjangeren var Motown. Men i år tek Makeda steget fram på scenen, og framførte «Back In Black» av AC/DC. Ho imponerte dommarane, som peika ho ut som favoritt etter framføringa.

Riise: Du syng og leikar deg. Det er fantastisk bra å sjå deg på scenen.

Amdam: Du klarer å hente fram eit potensial i låten som originalen ikkje klarer å forløyse. Eg kosa meg.

Felberg: Dette er kveldens høgaste vansklegheitsgrad. Det krevjande å ligge så høgt og samtidig treffe på rytmen. Men det fiksar du på ein framifrå måte.

Aleksander Walmann: «Human» (The Killers)

Aleksander Walmann i Stjernekamp 2017
Foto: Julia Marie Nagelstad / NRK

I mai representerte Aleksander Walmann Norge i Eurovision Song Contest i Kiev i Ukraina. I kveld song han «Human» med The Killers.

Amdam: Du har ei særeigen luft i stemma. Du framfører songen stødig og truverdig. Men det blir kanskje litt for stilleståande.

Felberg: Du syng kjempebra. Eg gler meg til å sjå deg vidare i konkurransen.

Benedicte Adrian: «Pride (In The Name Of Love)» (U2)

Benedicte Adrian i Stjernekamp 2017
Foto: Julia Marie Nagelstad / NRK

U2 både startar og avsluttar konkurransen denne kvelden. Benedicte Adrian valde seg «Pride» frå plata «The Unforgettable Fire» frå 1984.

Felberg: Det var utruleg gøy å sjå at du er tilbake. Dette var skikkeleg gøy, og gler meg til å sjå deg vidare i konkurransen.

Amdam: Eg diggar at du berre dreg på og ikkje held igjen. Du maksa og leverte.

Riise: Vi elskar at folk byr på seg sjølv i denne konkurransen. Eg gler meg til å sjå kva du kan finne på i andre sjangrar dei komande vekene.