Hopp til innhold

Stjernekamp-Beate: – Skal synge det mest «hardcore» innan hiphop

– Det er ein stor kontrast mellom ein kriminell afroamerikansk rappar, som har blitt skoten fleire gonger, og ein uskyldig kvinneleg jazzmusikar frå Volda, seier Beate S. Lech.

Beate Lech - prøver Hip Hop

GANGSTARRAP: Beate S. Lech har gjort ei drøy 50 Cent-låt til si eiga ved å skrive den om.

Foto: Helene Amlie

I laurdagens Stjernekamp er det hiphop som er tema. Jazzmusikar Beate S. Lech frå Volda har valt seg ut «In Da Club» med 50 Cent.

– Eg syns rett og slett den er kjempekul. Den er skikkeleg rå.

Henta inspirasjon frå Beyoncé

Då Beate S. Lech byrja å jobbe med teksten oppdaga ho at den er ganske dryg.

Det er laga tallause versjonar av 50 Cent sin store hit. Blant anna har Beyoncé laga ein versjon der ho gjorde nokre grep slik at det blei til ein jentete gangstarrap. Det inspirerte Lech til å forandre litt på teksten.

– Viss eg skal rappe, så kan det ikkje vere om fjord, fjell og måseegg. Det må vere litt «edge». Eg tok dei styggaste orda og forandra til «sister». Dermed blei det ein «girl power gangstarrap» som eg kunne rappe med pondus.

Kunne blitt mange timar rett ut vindauget

Førre helg blei ei tung helg for Beady Bell-vokalisten. Ho hamna i botn tre for første gong, trass i at ho var ein av dommarfavorittane. Ho er særs nøgd med å gå vidare til hiphop.

Alt i sommar bestemte ho seg for songen og Lech har øvd heile juli og heile august.

– Eg er veldig glad eg gjekk vidare til hiphop, viss ikkje hadde det vore mange timar rett ut vindauget. Det er kanskje den songen eg har øvd mest på, seier Lech

Beate Lech og Madcon

HJELP: Det er Madcon som har gitt veiledning til artistane denne gongen. Madcon skal også sitte i dommarpanelet laurdag.

Foto: Monster/NRK

– Så langt unna som det går an å komme

Folkemusikar Kim Rysstad er ein annan som skal i elden på laurdag. Han må erkjenne at hiphop truleg er den sjangeren som er lengst unna folkemusikken.

– Det er ein sjanger eg ikkje kan i det heile tatt. Det er så langt vekke som det går an å komme. I og med at det er ein sjanger som eg ikkje har peiling på, så måtte eg leite litt.

Når han skulle velje song gjekk han derimot fram slik han vanlegvis gjer, han har gått tilbake til røtene, til det eldste materialet innanfor sjangeren. Difor landa han på «Rapper's Delight» av The Sugarhill Gang.

– Eg prøvde å leite etter det eldste. Eg ville finne den første ordentlege raplåta.

Kim Rysstad prøver Hip Hop

DEN ELDSTE RAPLÅTA: Kim Rysstad har gått tilbake til røtene for å finne sin song innan hiphop-sjangaren.

Foto: Helene Amlie / NRK

– Det verste er rytmen

Sangen inneheld mykje tekst. For å lære seg all teksten syng Kim Rysstad overalt.

– På gata, på bussen, på toget. Eg syng om igjen og om igjen og om igjen. Det går på repeat.

– Er du lei av songen?

– Eg er på ingen måte lei av songen. Eg gler meg til å synge den. Om det er mogleg så er eg endå meir glad i låta enn eg var.

Den største utfordringa for Kim Rysstad er den taktfaste rytmen i hiphopen.

– Det å lære seg teksten er ein ting. Så skal det vere flow, timing og moves. Det blir mykje å tenke på for meg, seier Rysstad.

Kulturstrøm

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK
  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober