NRK Meny
Normal

Stine Sofies stiftelse set krav til russepengar

Produsentane bak russelåten «Playboy 2017» må lære meir om vald og overgrep mot barn og unge før det blir aktuelt for Stine Sofies stiftelse å takke ja til opp mot 100.000 kroner.

Produsentduoen Solguden og mannen har fått mye oppmerksomhet for teksten i låten de laget for russebussen Playboy 2017. Nå ønsker de å donere penger.

Generalsekretær Ada Sofie Austegard i Stine Sofies stiftelse vil møte russelåtprodusentane før ho takkar ja til pengegåve

Russelåten «Playboy 2017» har skapt reaksjonar fordi delar av den opphavlege teksten skildra seksuelle handlingar med mindreårige. Produsentduoen Solguden og Mannen, som står bak låten, har i etter tid endra teksten, og seier dei vil gi 5000 kroner per russelåt dei lagar til Stine Sofies stiftelse, skriv Bergens Tidende.

Russelåten Playboy 2017

Delar av teksten til russelåten Playboy 2017 har fått mange til å reagere. No har produsentane endra teksten, og vil gi pengar til Stine Sofies stiftelse.

Foto: Skjermdump / Youtube

Lasse Hagejordet, som utgjer eine halvparten av duoen, seier til NRK at dei innsåg at den opphavlege teksten var for dryg:

– Vi vedgår at det ikkje er ein veldig djup prosess bak det å skrive ei russelåt for vår del. Det er lite gjennomtenkt, og litt nødrim. Så etter såpass mykje omtale, innsåg vi at det kanskje var litt for grotesk.

Produsentane skal lage mellom 10 og 20 songar i år. Det vil seie at dei vil gi mellom 50.000 og 100.000 kroner til stiftinga.

Stiller vilkår til donasjon

Men før det blir aktuelt å takke ja til pengane, skal låtskrivarane få ei grundig innføring i arbeidet til stiftinga, og lære meir om vald og overgrep mot barn og unge, seier generalsekretær Ada Sofie Austegard:

– Vi tek sterk avstand frå tekstar som handlar om overgrep mot mindreårige og valdtekt. Difor er det viktig at vi får forklart kvifor vi meiner det ikkje må kome inn i tekstane. Vi håper dette er eit betre tiltak enn at vi berre skal takke nei til pengane.

Stine Sofies stiftelse jobbar med å førebyggje og avdekke vald mot barn. Dei har fått mange reaksjonar etter at det blei kjent at russelåtprodusentane ville donere pengar. Austegard seier dei måtte gå nokre rundar før dei bestemte seg:

– Vi meiner at dersom vi får informere om kor stort samfunnsproblem seksualisert vald mot barn og unge er, og kva konsekvensar det får for dei som blir utsett for det, trur vi dei får ei større forståing for kva dei faktisk held på med.

Håper på ei endring

Russelåtprodusentene Solguden og Mannen, Benjamin Strand og Lasse Hagejordet

Benjamin Strand (t.v.) og Lasse Hagejordet, kjent under artistnamnet Solguden og Mannen, ser fram til å møte Stine Sofies stiftelse.

Foto: Gaute Zakariassen / NRK

Austegard håper møtet med produsentane kan føre til at dei får i gang ein dialog som kan føre til at dei kan skrive om andre ting enn kriminelle handlingar i framtida.

Produsentduoen har takka ja til møtet med Stine Sofies Stiftelse i Grimstad. No jobbar dei med å finne ein dato som kan passe for begge partar. I ein sms til NRK skriv dei at dei ser fram det:

– Vi gleder oss til å sjå korleis jobbar. Vi veit dei gjer ein viktig jobb, og både skjønar og er glade for at dei vil vise oss kva dei gjer.

Kulturstrøm

  • Den vanskelege skrivinga

    Han brukte éi veke på førsteutkastet. Så brukte han fem år på å skrive det om til ein roman. Høyr forfattar Jan Kristoffer Dale i Sommer i P2.

    - De kalte oss for «griser», «feite svin» og «fleskeberg». De kalte oss for mye mer. Nå spør folk meg om jeg kan fortelle. I Sommer i P2 forteller forfatter Jan Kristoffer Dale om opplevelsene i oppveksten som har formet ham, om forfattere som har inspirert ham - og om sin egen skriving.
  • Borats «Who is America» provoserer

    Sacha Baron Cohen – også kjent som Borat – er tilbake med satireshowet «Who is America». Flere republikanske politikere føler seg snytt etter å ha blitt intervjuet av komikeren i en fiktiv rolle, om hvorvidt barn skal ha rett til å bære våpen. En av dem er Joe Wilson, som sitter i Kongressen for staten South Carolina. Han må stå for å ha uttalt følgende: – En treårig kan ikke forsvare seg selv mot et angrep ved å kaste et Hello Kitty-penal mot angriperen. Grunnlovens fedre satte ingen aldersgrense på loven. Se saken på Danmark Radios nettsider.

    Who is America satireshowet til Sacha Baron Cohen
    Foto: HBO
  • Vokalisten forlét Kvelertak

    Erlend Hjelvik sluttar i Kvelertak. På Facebook-sida til bandet skriv vokalisten at måla og motivasjonen til bandet har bevega seg i ulike retningar. Fansen reagerer i hopetal i kommentarfeltet under posten. Kvelertak vil halde fram utan Hjelvik, og dei fire annonserte festivaldatoane til bandet i sommar blir gjennomført med gjestevokalistar, melder VG.

    Kvelertak på Slottsfjell 2013
    Foto: Kim Erlandsen / NRK P3