Hopp til innhold

Stine Mari Langstrand

Det å stå på scena elskar Stine Mari Langstrand, eit skikkeleg adrenalinkick fekk ho allereie den første gongen ho sto på scena og såg utover publikum

Stine Mari Langstrand
Foto: Bilde frå musikkvideo

Lurar du på korleis stemma til Stine Mari høyres ut, då er det berre å klikke deg inn på  musikkvideoen hennar, der ho syng songen ”Trolltind” av Birger Sivertsen og Espen Warakov Godø. Denne songen får du og høyre Stine Mari synge på Kjempesjansen på laurdag.

Stygg munnbruk

 - Vi nordlendingar er jo ganske kjent for vårt litt mindre pene munnbruk. Og så hender det at man gløymer seg litt i høgtidlege samanheng, og på min pianoeksamen lirte eg av meg ei god dose med nordnorske glosa når eg ikkje fekk til å spele vidare.

Men denne jenta er ikkje redd for dumme seg ut. Ein gong song ho og venninna opera på torget i Harstad. Grunnen var at dei ville tjene nokre kroner som dei samla inn i ein liten hatt. Det som kanskje er litt viktig å fortelje her er at jentene var 12 år då dei gjorde dette.

Lumsk

Stine Mari Langstrand
Foto: Bilde frå musikkvideo

Stine er musikkstudent, men det er ikkje det einaste 25 åringen får tid til. Snowboard, motorsykkel og jobb som frilanse songar, men det stoppar ikkje der, ho er og vokalist i gruppa Lumsk. Draumen er å kombinere dei to største interessene sine, klassisk song og bandet Lumsk.

- Begge deler er svært viktig for meg.

Kva vil du bruke pengane du vinn til?

- Utvikle meg vidare som songar ved å ta timar hos songpedagog, og så har eg frykteleg lyst å spille inn ei eiga plate.

På gøy med Stine Mari Langstrand:

Kva er det mest ”nerdete” ved deg?

- Eg elskar Disneyfilmar, og eg har ei ganske heavy samling.

Er det noko du er spesielt dyktig til?

- Eg har ei ganske god handfull med grimasar. Spesielt god på dei ”slæske”.

Har du eit motto?

- Ta ein ting av gangen. Har nett byrja å leve etter den. Fungerer som ei kule, i alle fall om ein blir litt fort stressa.

 

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.