Studentlivet kan føre til så mangt. For Helen, Morten, Harald, Harald og Ole André førte det til eit eige band. Dei to siste åra har Strangelove skreve og komponert sine eigne låtar. Ein av desse er p1 demo vinnar veke 39.
Låtane skrivast av Helen Solberg, Morten Slettmyr og Harald Lund Frederiksen. Desse arrangeras i fellesskap. Alle i bandet har ulike inspirasjonskjelder og musikalske førebilete, alt frå triphop til country. Felleselementet for Strangelove er tilknytinga til den akustiske gitaren, den gode melodien og den meiningsfylde teksten. Sjangermessig kan ein gjerne plassere Strangelove i kategorien folkpop.
EP
I vår kom bandet med sin første EP i håp om å bli oppdaga. Den er spelt inn i Cornmo studio i Halden med Freddy Holm (Oysterm El Coracon) som teknikar og produsent. I tillegg har og bandet hyra ein gjestemusikarar på cello og pedal steel gitar. Fire låtar utgjer EP`n som har fått namnet ”Inviting joy home”.
Den siste tida har bandet spelt på studentscener i Oslo og fleire private arrangement.
Strangelove er
Helen Solberg, vokal
Morten Slettmyr, gitar
Harald Lund Frederiksen, gitar
Harald Viberg, bass
Ole André Ljosland, trommer