Stewart eldste mannlege listetopp
Den snart 75 år gamle artisten Sir Rod Stewart toppar dei britiske hitlistene med «You're in my Heart», og er dermed eldste mannlege listetopp nokon gong. Men det er eit stykke igjen til å bli den eldste artisten med listetopp. Den rekorden sette Dame Vera Lynn då ho var 97 år gammal.