Her er dei sterke kandidatane:
Erik Bjørke
frå Sør-Fron Spel- og dansarlag har vore A-klassing i fleire år. Det er fyste gong han kjem til finalen under Landskappleiken. Erik Bjørke er ei sterk pådrivarkraft for folkemusikkmiljøet i Sør-Fron og er leiar for Sør-Fron Spelemannslag. Han underviser også ved folkemusikklina ved Vinstra vidaregåande skule.
Erik Bjørke leia Vinstratrøkk i Open klasse
Tron Steffen Westberg
Tron Steffen Westberg under fjorårets finale.
representerar Brekken spell- og dansarlag. Han er ikkje ukjent under finalespelet på Landskappleiken og er den einaste som har kome gjennom nålauget før av desse tre finalistane.
Gjermund Larsen
Gjermund Larsen (t.h)
frå Verdal deltok for fyste gong i A-klassen i år, og det gjer han også med å spele seg rett til finalen. Gjermund representerar Verdal spellmannlag. Han kjem får ein musikalsk familie. På biletet er han saman med brorer Einar Olav og systra Ingebjørg. Til hausten byrjar Gjermund Larsen å studere folkemusikk ved Norges musikkhøgskole i Oslo.
Desse tre skal spele etter 3 finalistar frå hardingfele klasse A. Resultatet frå denne klassa er i skrivande stund ikkje klar.