Hopp til innhold
Anmeldelse

Sterk biografi om Marie Hamsun

Kvifor skal vi vite meir om Marie Hamsun? Biografien «Kjærlighet og mørke» gjev svar på spørsmålet.

Marie Hamsun

Marie Hamsun står fram som ein samansett person det er vanskeleg å bli klok på i denne fengslande biografien, som tolkar utan å kome med endelege svar.

Foto: NTB / NTB scanpix

Utan ekteskapet med Knut Hamsun hadde vi neppe visst kven ho var. Med replikken« Nei herregud, så pen De er da, barn!» løftar Knut Hamsun henne inn sitt eige liv og dermed inn i norsk historie. Marie sjølv er kjelda og sitatet står i «Regnbuen», memoarboka ho gav ut i 1953. Det er grunn til å merke seg årstalet: Den svært private Knut døydde året før.

No hadde Marie eit liv før Hamsun. Det pene «barnet» han kasta blikket sitt på var 26 år, skodespelar og sambuar med ein teaterkollega. Likevel: Etter dei blei par, er det Knut som spelar hovudrolla.

Bortsett frå når det galdt fascinasjonen for NS og Hitler; der har ho gjerne fått hovudrolla som ekteparets ideologiske førar. Den grundig dokumenterande biografen Anne Hege Simonsen viser korleis begge går dit på sjølvstendig grunnlag og med dels ulike ideologiske tyngdepunkt: Ho som ihuga antisemitt og antibolsjevik, mens han først og fremst som pangermanist. Utprega demokratar var ingen av dei.

Eit liv som ikkje går opp

Men kven var Marie, korleis og kvifor hamna ho der? Dette er spørsmåla ein biograf må -om ikkje svare på, så i alle fall diskutere. Her veit dei fleste korleis det enda, men få korleis det byrja. Biografen går klokleg inn og fortel livshistoria ganske kronologisk, utan å plukke opp trekk undervegs som skal forklare det heile. Marie går ikkje opp.

At far hennar, kolonialhandlaren på Elverum, går konkurs, pregar naturleg nok den 7 år gamle eldstedottera, som opplever deklassering og utestenging. Ho er annleis. Men mange opplevde konkurs og tvangsauksjonar utan å lengte etter den sterke mann, og kvar i all verda kom antisemittismen frå? Den heldt ho fast ved livet ut. Det går ikkje opp.

I staden for eintydige svar på korleis og kvifor, får vi historia om kven – fortalt framlengs: Ei hardt arbeidande eldstedotter, som brått valte bort utdanningsløpet foreldra tilbaud henne. I staden braut ho med den gudfryktige familien og gav seg over til teateret og til teatermennesket Dore Lavik. Før altså Hamsun oppdaga det pene barnet.

Fabelaktige brevkjelder

Her er drama og pasjonar. Her er ei kvinne som står på sine val, også på valet om å underkaste seg. Biografen sit på ei gullgruve av brev frå Marie til to venninner som ho brevveksla med i fleire tiår: først Cecilia Aagaard, deretter åndsfrenden Aslaug Hauge som ho møtte under soninga på Bredtveit kvinnefengsel. Her skriv Marie om barna, samlivet, politikk og slankekurar. Biografen viser kor isolert Marie var på Nørholm. Ho hadde nærkontakt med gulrøter og roser og kjende seg djupt utilpass når ho ein sjeldan gong var ute blant kulturpersonar. Men biografen -og vi- kjem tett på.

Marie vekkjer både sympati og medkjensle: Ein kjærleg og urimeleg mann -her er anekdotane mange og sterke- einsemd, sjalusi og barn som hadde sitt å stri med. Dermed kjem nazisympatiane og det kompromisslause jødehatet som ein knyttneve. Det er sterkt, tankevekkande og velskrive.

Passar for deg som

  • interesserer deg for nazisme, kvinneliv, deklassering, Hamsun, gode biografiar

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.