Det var smil, latter og tårer då det blei avgjort at Stephen Hansen og Hemsing-søstrene får ein plass i semifinalen.
- Dette er heilt fantastisk, sa alle tre nesten i kor etter sendinga.
Etter at pengane blei fordelt på laurdag var det jubel på scena då det gjekk opp for Stephen Hansen og Hemsing-søstrene at dei faktisk skal til semifinalen.
- Vi har tenkt på to forskjellege stykker som kanskje kan passe, men no må vi verkeleg tenke, fortel søstrene som vi no altså skal få sjå igjen i semifinalen.
Mykje pengar
Det blei delt ut rekord-mykje pengar denne laurdagen. No blir det studium for både Stephen Hansen og Hemsing-søstrene, men dei andre deltakarane fekk og mykje pengar med seg heim.
Slik blei pengane fordelt:
: 97 100 kroner
: 81 600 kroner
: 71 000 kroner
: 40 000 kroner
: 37 600 kroner