Hopp til innhold

Stephen Hansen

Endå Stephan Hansen er 34 år er det faktisk ikkje lenge sidan han byrja å synge. For berre sju år sidan tok sin første songtime, men i dag er det vanskeleg å stoppe Osloguten.

Stephan Hansen
Foto: Lasse Berre

På musikvideoen  til Stephen kan ein sjå han synge "Piano" av Trevor Nunn og Andrew Lloyd Webber, og oversatt av Roberto Ferri. På laurdag skal han framføre "Nessun Dorma" av Giocomo Puccini.

Debuterte

Første gong Stephen sto på scena er ikkje så lenge sidan, men samtidig ganske lenge sidan. Det er berre sju år sidan Osloguten byrja å synge, men eit år etter sto han på scena som Jesus i Jesus Christ Superstar.

- Før det hadde eg berre sunge på juletrefest to gongar som born, men aldri for meir enn 30 menneske.

Men når Stephen først fekk smaken på songlivet klarte han ikkje å slutte.

- Ettersom eg byrja seint har eg prøvd å ta igjen det tapte ved å vere like nysgjerrig på alt. Men dei siste åra har eg forelska meg i operalitteraturen.

JA!

Stephen Hansen
Foto: Lasse Berre

Med sin vakre stemme har Stephen blitt invitert til å vere med på mykje, han har sunge i mange forskjellege samanheng. Ein gong var kanskje litt meir spesiell enn dei andre, på ein ganske spesiell måte.

Det skjedde i Stockholm, då Stephen song i eit bryllaup. Presten spurte brudgommen: Vil du ha denne kvinna som hos deg står?

- Eg var så rørt av situasjonen der eg sto klar til å synge at eg med høg stemme svarte; JA!. Eg lista meg stille ut etter bryllaupet.

Kva vil du bruke pengane du vinn til?

- Eg drøymer om å få råd til å kunne ta meg ei toåring operautdanning. Slik at eg kan synge Cavaradossi, Rudolfo eller prinsen i Turandot.

På gøy med Stephen:

Kva er det mest sære du kan finne på når du har ein fridag?

- Eg elskar å kjøre trikk, eit par timar på ein sundag er fantastisk!

Kva er den raraste sommarjobben du har hatt?

- Eg har vore dansande cowboy på Tusenfryd.

Kva slags Disneyfigur ville du helst vore?

- Den tjukke av kokkane som syng opera og serverar Lady og Landstrykaren spagetti og kjøtbollar.

 

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)