Hopp til innhold

Nytt ansikt i Gullrekka

Stian «Staysman» Thorbjørnsen blir det nye tilskotet til fredagsunderhaldninga på NRK1. Det er med æresfrykt og skrekkblanda fryd han no trer inn i den populære «Gullrekka», ifølgje programleiaren sjølv.

Stian Staysman Thorbjørnsen

Stian «Staysman» Thorbjørnsen blir programleiar for den nye fredagsunderhaldinga på NRK1 med musikkquiz-programmet «10 på topp».

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Til hausten blir det store endringar i gullrekka på NRK1. Tidlegare i år blei det kjent at Fredrik Skavlan sluttar i NRK, og at Anne Lindmo tar over sendeflata på fredagskvelden.

Denne hausten er musikar og reality-deltakar Stian «Staysman» Thorbjørnsen aktuell med musikkquiz-programmet «10 på topp», produsert av Monster Entertainment for NRK.

Først skal fire episodar med «Beat for Beat» sendast, før det kjem åtte episodar med programmet til Thorbjørnsen. Haustsesongen blir avslutta med ytterlegare fire episodar med «Beat for Beat».

– Kvart program tar for seg eit bestemt år frå 80-, 90- og 2000-talet, og dei ti låtane som dominerte jenterom, diskotek, ungdomsklubbar og radiolister det året, fortel prosjektredaktør i NRK, Aira Planting.

Fire kjente deltakarar skal gjennom quiz og leik konkurrere om å løyse musikkoppgåver, og på den måten fylle opp topp ti-lista – låt for låt.

– Ein gutedraum som går i oppfylling

NRK møter Thorbjørnsen på øving i eit studio på Marienlyst i Oslo. Dei har nettopp fullført første prøveopptak av programmet.

I utgangspunktet var det ikkje Thorbjørnsen som skulle lede det nye musikkprogrammet. Først fekk han tilbod om å vere deltakar.

– Eg såg i e-posten at dei ikkje hadde funne programleiar, så då selde eg meg heller inn som det. Eg trudde aldri det skulle gå, men dei gav meg ein sjanse, seier han.

Stian Staysman Thorbjørnsen

Thorbjørnsen gav seg sjølv ein lovnad i vinter om å aldri delta på reality-program igjen, til fordel for å bli programleiar. Eit halvt år seinare har denne draumen gått i oppfylling.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

– Det har enno ikkje gått heilt opp for meg at eg skal bli ein del av «Gullrekka» til hausten, fortel han til NRK.

I vinter gav Thorbjørnsen seg sjølv ein lovnad om at han aldri skulle bli med på fleire reality-program til fordel for å jakte programleiarambisjonane sine.

– Dette er ein gutedraum som går i oppfylling.

Eit større sirkus enn ein vanleg musikkquiz

Thorbjørnsen har alltid hatt eit nært forhold til programma som rullar over skjermen kvar fredagskveld. Før han byrja å turnere med bandet sitt «Staysman og Lazz», og spelte konsertar på fredagskveldane, sat han alltid heime med NRK1 på skjermen.

– Vorspielet mitt i to-tre år var å sjå gullrekka frå A til Å aleine, og så gjekk eg på byen etter det. Det var alltid høgdepunktet for veka.

Det er med skrekkblanda fryd han trer inn som ansiktet til fredagsunderhaldninga på NRK1.

– Det er fint å få ei ny utfordring som gjer meg litt redd igjen. Det at eg skal inn som programleiar er ei stor ære.

Ifølgje Thorbjørnsen er «10 på topp» ein god fellespakke der ein har klart å samle alt det gode frå «Beat for Beat», «Stjernekamp» og «Tidsbonanza».

– Eg er ein svoren fan av til dømes Eurovision og MGP, og hit-musikk er jo noko eg driv med sjølv, så dette programmet passar meg veldig bra. Dette er eit større sirkus enn ein vanleg musikkquiz, seier han utan å ønskje å røpe meir om sjølve innhaldet.

Aira Planting

Redaktør Aira Planting i NRK gler seg til det nye familieprogrammet blir sendt på lufta.

Foto: NRK

Redaktør Aira Planting har høge forventingar til det nye familieprogrammet.

– Vi håpar at «10 på topp» vil by på musikkglede og underhaldning for heile familien, og er utruleg glade for å få med oss ein så fin og talentfull mann som Stian til vår nye fredagssatsing, seier ho.

Programmet har premiere 19. oktober på NRK1 klokka 19.55.

– Skavlan ut, Staysman inn, seier han humoristisk.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober