Hopp til innhold

Verdas første vikinglinje

Seljord folkehøgskule surfar på viking-bølga og startar ei ny linje. Elevane skal lære å leve som ekte viking.

Vikingelinje Seljord Folkehøgskule

NY LINJE: Seljord folkehøgskule startar verdas første vikinglinje. Dette bildet er henta frå deira promotering av Viking-linja. I haust vil 14 elevar starte livet der dei skal fordjupe seg i vikingkultur og leve som vikingar.

Foto: Petter Garås

TV-seriane «Vikings» og «Game of Thrones» har vore med å auka interessa for vikingane og deira kultur. Elevane som startar ved vikinglinja i Seljord skal blant anna lære å smi vikingesverd, ro og segle vikingskip og dei gamle byggeteknikkane

– Stor pågang

I tillegg så vil ein få opplæring handverk som keramikk, trearbeid, skosøm og framstilling av trekol. Rektor ved Seljord folkehøgskule, Arve Husby, fortel at linja er heilt full til hausten:

– Det er stor pågang og vi ser på søknadane at motivasjonen er veldig forskjellig. Nokon har fått interessa vekka gjennom TV-seriar og andre gjennom ønske om å lære handverk. Me kan stå for fagleg kvalitet, om TV-seriar vekker interesse er me nøgde, seier Husby.

Jeppe Viking5

SMI SVERD: Jeppe Nordmann Garly skal blant anna lære elevane å smi vikingsverd og knivar. I tillegg skal han lære gamal byggekunst og handverk.

Foto: Seljord Folkehøgskule

Dansk viking blir lærar

Det er danske Jeppe Nordmann Garly som har fått jobben som hovudlærar på vikingelinja. Annonsen vekka oppsikt i sosiale medium og blei sett av heile 26.000 personar, ifølge nettsidene til folkehøgskulen.

– Ein kan godt sei eg er verdas første vikinglærar på ein folkehøgskule, humrar den nye læraren.

Han kjem til å ta med elevane på reise til York i England, ein by som var eit sentrum for vikingane og var kalla Jordvik. Når det kjem til TV-seriane som har skapt auka merksemd for vikinghistoria, er det ikkje alle som fell i like god smak hos læraren:

– Personleg liker eg best Game of Thrones. Vikings har mange faktuelle feil, den er full av feil, slår han fast om serien som er lausleg basert på soga om Ragnar Lodebrok.

(Saka fortset under bildet)

SPAIN-CULTURE/ People dressed as Vikings sail on a boat during the annual Viking festival of Catoira in north-western Spain

LANDHOGG: Dette bildet er frå 2. august og den årlege Viking-festivalen i Catoira i nordvest-Spania. Festivalen markerer og feirar vikingeraid som skjedde i denne regionen.

Foto: MIGUEL VIDAL / Reuters

Auka internasjonal interesse

Vikingskipshuset på Bygdøy i Oslo melder om at dei har 20.000 fleire besøkjande så langt i år samanlikna med fjoråret. Mange av dei som kjem på museet er utanlandske turistar som har sett «Vikings» og blitt fascinert.

I Spania blei det arrangert vikingfestival i helga, der dei feira raida til nordbuarane. Tungrock-veteranane Judas Priest sin song "Halls of Valhalla" blei kåra til fjorårets beste metallsong. Sangen handlar om vikingkrigarar på tokt. Dette vitnar om ei auka internasjonal merksemd om historia og kulturen til vikingane, som hadde sine glansdagar mellom år 800 og 1000.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.