Hopp til innhold

Stanken av råtning

Fram til no har hundebæsj, gamal mjølk og krabbekoking stått på Topp 3-stinkelista mi. Men stanken av eit råtnande rådyr overgår alle tre til saman.

Solveig Hareide

Lukta av eit råtnande dyr er ikkje freistande.

Foto: NRK

Vi i Newton har nemlig forska på kva som skjer når dyr råtnar. Når eg går på tur i skogen ser eg aldri daude dyr, og eg har fundert litt på kor dei blir av.

For å finne ut kor fort og kordan dei forsvinn la vi ut eit daudt rådyr som hadde blitt skada i trafikken. Då vi la det ut var det mest trist, for eg syns så synd på det stakkars dyret. Men då eg kom tilbake til det to veker seinare tenkte eg ikkje på det lenger.

Då kunne eg ikkje tenkje på anna enn stanken. I tillegg til millionvis av flogelarvar hadde bakteriane starta å like seg på kadaveret. Det som stinkar er visst cellene som brytast ned, og bakteriane som et det gamle kjøttet og fis ut igjen ein stinkande gass.

At ting stinkar er faktisk kjempebra! Det er eit tydelig varsel om at det ikkje er smart å ta på eller ete den stinkande tingen. Hadde eg gjort det kunne eg vorte sjuk. Og det kan du tenkje på neste gong noko stinkar, om det er bæsj eller gamal mat. Det er ofte ein god grunn til det.

No hadde eg ikkje tenkt å smake på rådyrkadaveret uansett, men det er fint å bli advart.

Helsing Solveig

Solveig Hareide

Solveig Hareide og insektsforskar Morten Stærkeby sjekkar ut kven som et opp det daude dyret.

Foto: NRK

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)