Det siste tiåret har trenden vore klar. På same måte som at færre ser på lineær TV, er det stadig færre som les papiraviser. Tysdag la Mediebedriftenes Landsforening (MBL) fram nye lesartal. Tala viser at papiravisene har ein samla tilbakegang på 7,7 prosent samanlikna med same tidspunkt i fjor.
For lokal- og regionavisene er fallet enda større. Dei har ein tilbakegang på 8,8 prosent. Dette fallet i lesinga uroar førsteamanuensis Erik Wilberg ved BI.
– Eg er overraska over at avislesinga går så kraftig ned. Og det er overraskande mange enkeltaviser som har stor tilbakegang.
Han peikar på dyrare papirabonnement og endra brukarmønster som årsaker til at svikten i lesinga på papir er så stor.
Stabile opplag
Men det at det ifølgje tala er færre som les lokalaviser, uroar ikkje Landslaget for lokalaviser. For dersom ein ser på opplagstala, altså kor mange som abonnerer eller kjøper ei lokalavis, er dei relativt stabile, seier marknads- og informasjonssjef Geir K. Hus:
– Papiravisa står framleis sterkt i lokalsamfunna. Og det er papiravisene som gir inntekter vi kan bruke på journalistikk.
- Les:
- Les:
Han viser til at mange lokalaviser har hatt stor suksess med å tilby pakkar der abonnentane får avisa både på papir og digitalt. Det har også gjort det mogleg for avisene å gradvis tilpasse seg ein digital kvardag.
– Vi ser at det er ein del lokalaviser som har redusert frekvensen på papir, for å satse meir på nett. Men dette er ei omlegging vi må ta gradvis, seier Hus.
Fryktar omlegging av Posten
Wilberg gir LLA rett i at lokalavisene lenge har stått sterkt. Men han åtvarar mot å suge for lenge på karamellen.
– Det er viktig å kunne omstille seg til dei endringane som kjem i mediebransjen no. Eg trur det er på tide å få fart på digitaliseringa. Og for lokalavisene kan omlegginga av Posten bidra til ein ekstra dytt i den retninga.
Mange av dei som held ei lokalavis i dag, får papirutgåva i posten. Men frå 2020 kan posten kome til å bli levert ut sjeldnare. Det kan skape vanskar for lokalavisene.
– Lokalavisene tener framleis for lite på dei digitale utgåvene sine. Reknestykket går ikkje i hop om avisene skal digitaliserast så raskt som det blir lagt opp til her. Då vil mange måtte legge ned, seier Hus.
- Les:
Målinga av lesing av aviser på nett og mobil er nettopp lagt om. Difor er det ikkje mogleg å samanlikne dei digitale tala med tidlegare målingar.
Men dei tal som blei presentert i dag, viser at 54 prosent av dei som er eldre enn 12 år i Noreg les minst ei avis digitalt kvar dag.