– Eg kan stadfeste at rykta om min død er betydeleg overdrivne, seier Mordal til NRK laurdag kveld.
Videoen med ulike bilete av skodespelaren har blitt delt over 2000 gonger på sidan fredag.
Mordal fortel at han har fått mange meldingar frå bekymra familie og vener.
Han forsikrar om at han ikkje har gått bort – og at han heller ikkje har vore alvorleg sjuk slik det blir hevda i nettvideoen.
– Har det veldig bra
– Eg har det veldig bra, så eg får vel heller seie god jul til alle eg kjenner og den som har spreidd slike rykte, seier Mordal.
Han har vore fast tilsett ved Nationaltheatret sidan 1997. Før det var han tilsett med Den Nationale Scene i Bergen.
I 2010 fekk han Heddaprisen for rolla som doktor Stockman i Ibsen-stykket Ein folkefiende.
Men mest kjend for folk flest blei han då han spelte rolla som Marvin i barne-TV-serien «Linus i Svingen» i 2004 og ikkje minst i den svært populære julekalender-serien «Jul i Svingen» i 2006.
Falsk video. Skodespelaren Anders Mordal er ikkje død, slik det blir hevda i ein video på TikTok.
Foto: Skjermdump TikTok– Kjenner seg igjen
Då NRK intervjua han i 2013, var han glad for å spelt rolla som pappaen til Linus i seriane.
– Både barn og vaksne tykkjer Marvin er ein artig figur, og mange fedrar kjenner seg igjen i han. Han er veldig barnsleg, så andre fedrar meiner også at dei er litt barnslege, sa Mordal.
Fleire år etter likte han framleis godt å sjå på «Jul i Svingen» som vanleg sjåar.
– Det er så mange fine historier, som er veldig godt skrivne. Eg lar meg rive med, sa Mordal i 2013.
NRK har ikkje lukkast med å få kontakt med TikTok-brukaren som har laga og spreidd den falske videoen.
Brukaren hevdar at han kjenner familien til skodespelaren og det er noko han refererer til i kommentarfeltet til videoen.
Kommunikasjonssjef Ida Margreta Halvorsen hos Nationaltheatret var ikkje klar over ryktespreiinga.
– Vår fantastiske skodespelar lever heldigvis i beste velgåande, seier Halvorsen.