Kvart år kårar Språkrådet «Årets nyord» som heidrar nye ord og uttrykk som har kome inn i daglegtalen det siste året. No kjem også lista over ord Språkrådet meiner vi må bytte ut i språket.
«Årets fyord» er ord rådet meiner anten blir brukt feil eller for mykje. Enkelte har blitt brukt så mykje at dei nesten er tappa for meining.
– Uklare uttrykk
Bruken av tomme moteord går ut over bodskapen, meiner Erlend Lønnum i Språkrådet.
Foto: Språkrådet– Vi har laga denne kåringa for å slå eit slag for gode norske uttrykksmåtar. Orda på lista er ofte upresise og ulne, og det kan gå ut over bodskapen, seier rådgjevar i Språkrådet, Erlend Lønnum.
Han seier dei har hatt mange eksempel å velje i, men at dei etter ein liten diskusjon har valt ut eit lite knippe ord og uttrykk til lista. Språkrådet kallar kåringa for uvitskapleg, subjektiv og uhøgtidleg, men sakleg.
Lønnum trekker fram «å vere omforent om noko» og «å adressere ei problemstilling» som uttrykk som er uklare eller utan klar meining på norsk.
– Ofte er det mykje betre å seie at vi har blitt samde om noko, og at vi tar opp eit problem.
Orda og uttrykka på lista har vakse seg store fordi dei har blitt brukt av politikarar, journalistar og andre som uttaler seg i offentlegheita. Ved at uttrykka blir gjentatt fleire gongar, festar dei seg i daglegtalen.
– Lista er ikkje eit forbod mot å bruke desse orda. Det er heller ei oppmoding om at dei som brukar orda, tenker seg om og prøver å finne betre måtar å seie det på, seier Lønnum.
– Pinleg
Henrik Asheim lovar å skjerpe språkbruken og bli meir konkret.
Foto: HøyreEin av dei som oftast brukar av uttrykket «viktigheten av» på Stortinget, er ifølge søketenesta Sagt i salen Henrik Asheim frå Høgre.
– Dette var pinleg for meg. Eg trudde eg var ein «klar tale»-politikar med eit bevisst forhold til språket. Eg prøver å bruke dei rette uttrykka og vere konkret. Her må det skjerping til, seier han når han blir konfrontert med tala.
Asheim trur politikarspråket lett kan bli uforpliktande fordi dei forpliktar seg gjennom det dei seier. Sjølv lovar han å bli meir konkret og enda meir bevisst på korleis han brukar språket. Og då er slike kåringar frå Språkrådet ei viktig påminning.
– Det er kjempebra at Språkrådet gjer dette. Ei slik bevisstgjering fører til at ein skjerpar seg. For nokre år sidan brukte mange uttrykket «i forhold til» feil. No går det nesten eit sus gjennom salen når det skjer.