Hopp til innhold

Språkrådet bekymra for barn og unge

Barn og unge møter i stor grad engelsk i den nye mediekvardagen. Dette bekymrar Språkrådet, som presenterer funna i ein stor tilstandsrapport måndag.

Åse Wetås

NORSK UNDER PRESS: Det norske språket er under press frå engelsk på mange samfunnsområde, skriv Språkrådet og direktør Åse Wetås i ein ny rapport.

Foto: Svein Arne Orvik / NRK

– Vi har funne, etter vårt skjønn, veldig oppsiktsvekkande tal, seier direktør i Språkrådet, Åse Wetås.

Det er fem år sidan førre språklege tilstandsrapport, og Wetås fortel at samfunnet har endra seg på fleire punkt på desse åra. Mellom anna konsumerer barn og unge underhaldning annleis enn før.

Eitt av fire barn i aldersgruppa 3–5 år møter hovudsakleg engelsk på nettet og i dataspel, viser tal Språkrådet har henta inn.

– Vi må setja inn ein språkpolitisk innsats for å sikre at dei òg kan få eit godt kulturtilbod på norsk, seier Wetås.

Ho meiner dette har konsekvensar både for språkutviklinga, men òg for kva haldning ein får til språket.

– Engelsk blir det språket som er til moro og underhaldning. Medan norsk kanskje er til meir traurige, kvardagslege formål.

– Men er det ikkje bra at barn lærer engelsk?

– Det er klart at det er bra å lære seg engelsk. Men for dei som har norsk som sitt fyrstespråk, så treng dei å ha ei god, sikker og trygg språkutvikling.

Deler ikkje bekymringa

På House of Nerds i Oslo – ein stad der både barn og vaksne går for å spela dataspel – sit fire konsentrerte ungdommar ein fredagsettermiddag. Dei spelar skytespelet Counter Strike, eit spel der ein kan kommunisere med andre via internett. Da brukar dei helst engelsk.

– Eg synest det er veldig deilig å ha det på engelsk, men det er fint å ha det på norsk også, for dei som ikkje kan engelsk så godt, seier femten år gamle Markus Kristoffersen.

Og tvillingbroren Mats Kristoffersen deler ikkje bekymringa til Språkrådet, men fortel at det er mange videoar og spel som er på norsk.

– Ein kan sjølv prioritere kva språk ein skal sjå på.

Silje Gulbrandsen trur ikkje det går utover norskkunnskapane.

– Eg pratar jo norsk heile tida elles, så synest eg det er greitt å prate engelsk på nett.

Ungdommar på House of Nerds

SPELAR SAMAN: Silje Gulbrandsen, Markus Kristoffersen, Henrik Bakk og Mats Kristoffersen.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

Pratar åtti prosent engelsk

Sigmund Strømme arbeider på House of Nerds, og har sjølv vore profesjonell gamer i seks år – han har altså levd av å spela dataspel. I kvardagen brukar han meir engelsk enn norsk.

– Eg snakkar engelsk kanskje seksti-sytti-åtti prosent i løpet av ein dag.

Og Strømme merkar at barn i dag er mykje flinkare i engelsk enn barn var da han sjølv var ung.

– Eg synest eigentleg berre det er positivt at barn lærer to språk i staden for eitt.

Sigmund Strømme

IKKJE BEKYMRA: Sigmund Strømme synest det er positivt at barn lærer to språk i staden for eitt.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

Kulturstrøm

  • Banksy-utstilling til Oslo

    I februar kommer Banksy-utstillingen «The Mystery of Banksy – A Genius Mind» til Økern-senteret i Oslo.

    Utstillingen åpner 23. februar og vil vise fram nærmere 150 reproduksjoner av gatekunstnerens verker. Utstillingen skal ikke være godkjent av kunstneren selv, på grunn av hans anonyme status.

    – Vi er utrolig stolte for å kunne åpne dørene til denne storslagne utstillingen på Økernsenteret, sier arrangør Bjørn Heiseldal ved Thalia teater til NTB.

    1,4 millioner personer har besøkt utstillingen siden den åpnet i München våren 2021. Den har siden vært innom både Wien, Berlin, Zürich, Hamburg og Malmö.

    Den britiske kunstnerens identitet er forblitt en godt bevart hemmelighet, til tross for at hans kunststunt har vekket stor oppmerksomhet internasjonalt i en årrekke. Det er imidlertid antatt at han er en mann 45-50- alderen som er fra Bristol i England.

Flere kulturnyheter

Jon Fosse ord for ord

Fosse-fest i 40 timer

Jon Fosse byrja nobelforedraget med å fortelje om si livslange frykt for høgtlesing

– Og no nesten heilt utan redsle, las han skjelvande. Nobelforedraget til Jon Fosse rørte fleire.