NRK Meny
Normal

Spotify satsar på video

Spotify kjem snart til å tilby videoar for å møte den aukande konkurransen i strøymemarknaden.

Spotify og Apple i priskrig om musikk

Spotify møter den harde konkurransen i strøymemarknaden med å lansere videoteneste.

Foto: DADO RUVIC / Reuters

I slutten av neste veke lanserer Spotify også strøyming av video som ein del av tilbodet sitt. I første omgang er det Storbritannia, Tyskland, Sverige og USA som får tilgang til tenesta, skriv The Wall Street Journal

Eksklusivt innhald

Daniel Ek

Administrerande direktør Daniel Ek varsla allereie i mai at Spotify kunne kome til å satse på video.

Foto: SHANNON STAPLETON / Reuters

Spotify seier dei vil tilby både eksklusivt innhald frå mediepartnarar og ferdige produksjonar og podkastar. Blant medieselskapa som skal vere tilgjengelege på Spotify er dei store tv-nettverka i USA, BBC, sportskanalen ESPN, dokumentarnettstaden Vice og humorkanalen Adult Swim.

Visepresident for produkt, Shiva Rajaraman, i Spotify seier til The Wall Street Journal at målgruppa framleis er musikkinteresserte.

Spotify er det største strøymetenesta for musikk i verda. Ifølge dei sjølve har dei meir enn 75 millionar brukarar, der 20 millionar abonnerer på den reklamefrie tenesta.

Hard konkurranse

Jay-Z

Tidal og Jay-Z har satsa tungt på video for å vinne fram i konkurransen i strøymemarknaden.

Foto: ADRIAN SANCHEZ-GONZALEZ / Afp

Fleire av dei mindre konkurrentane til Spotify har satsa tungt på video for å skaffe seg kundar.

Nyleg lanserte Apple Music ein eksklusiv turnéfilm med popstjerna Taylor Swift, medan Tidal har gått eit steg lenger og sender seriar utan ein direkte tilknyting til musikk. I tillegg har Youtube også lansert ei musikkstrøymeteneste der brukarane kan skifte mellom musikkvideoar og musikkspor.