For å gi folk litt hjelp på sjekkemarknaden, blir musikkpreferansar ein del av Tinder. Når brukarane blar seg gjennom appen, kan dei også koble seg på Spotify og bruke musikk for å vise kven dei er, skriv Spotify i ei pressemelding.
I tillegg til å vise kva musikksmak folk har, kan ein også velge seg ut ein enkeltsang, «anthem», som definerer kven brukaren er. Selskapa håper det på denne måten at det lettare skal oppstå søt musikk mellom brukarane.
- Les:
- Les:
Frå før foreslår Tinder potensielle partarar basert på blant anna preferansar, felles venner og felles interesser.
Kamp om brukarane
Men Spotify og Tinder kan sjå ut til å vere i eit ope forhold, for strøymetenesta har allereie eit liknande samarbeid med Tinder-konkurrenten Bumble, skriv teknologinettstaden The Verge.
I tillegg har Spotify det siste året lansert fleire appar og tenester for å styrke seg i konkurransen om strøymebrukarar. Som foreksempel «Discover weekly»-lista som foreslår musikk ut frå det brukarane har høyrt på, og «Conserts» som bruker stadtenesta på mobilen til å foreslå konsertar med artistar brukaren likar.
- Les:
- Les:
Spotify har no 40 millionar betalande brukarar på verdsbasis. Konkurrentane, som har satsa på eksklusivt innhald for å tiltrekke seg kundar, har ein del mindre. Tidal seier dei har 4,2 millionar abonnentar, medan Apple Music nyleg fortalde at dei 17 millionar brukarar.