Spotify blir konkurrent med Itunes

Spotify gjer det mogleg å laste ned musikk til Apple-spelaren Ipod og utvidar nedlastingstilbodet.

– Blir det etterspørsel etter éinklikk-nedlasting av spelelister vil vi sjå på ei ordning i lag med plateselskapa, seier sjef for norske Wimp.

Iphone og Spotify

Du har lenge kunne brukt Spotify på Iphone. No blir det også mogleg å laste ned musikken til Ipod.

Foto: NRK/Spotify

I dag lanserte Spotify eit mottrekk mot konkurrenten Apple og deira nettbutikk Itunes. Frå no av blir det mogleg å laste Spotify-musikken rett over på Apple-spelaren Ipod.

Loggar du deg inn på tenesta i dag og koblar til Ipoden din er det mogleg å laste spelelistene dine ned på den berbare spelaren.

Spotify går også eitt steg nærmare full betaling. Dei lanserer ei meir utbygd nedlastingsteneste, til det dei meiner er konkurransedyktige prisar. Du kan velje mellom å kjøpe 10, 15, 40 eller 100 låtar om gongen, og prisane er tilpassa etter det. Kjøper du 100 låtar, vil stykkprisen vere 5.99 kroner per låt.

Dei nye funksjonane vil dukke opp hos alle brukarar i dag som ei automatisk oppdatering.

Spotify

Slik vil det sjå ut når du loggar deg inn på Spotify i dag.

Foto: Spotify

– Tradisjonelle Ipod-versjonar vil forsvinne

Norske Wimp konkurrerer både med Itunes og Spotify og er i ferd med å etablere seg internasjonalt. Dei tilbyr både streaming og nedlasting for abonnementar.

– Wimp har hatt nedlasting av låtar og album heilt frå starten av, med gunstige prisar. Vi har foreløpig ikkje mottatt mange spørsmål frå brukarane om direkte nedlasting av heile spelelister med eitt klikk, men skulle vi sjå at dette blir meir etterspurt vil vi sjå på ei ordning i samarbeid med plateselskapa, seier sjef for Wimp, Per Einar Dybvik, til NRK.no.

Per Einar Dybvik, WiMP

Sjef for norske Wimp, Per Einar Dybvik. Per desember hadde tenesta 100.000 brukarar fordelt på Noreg, Danmark og Sverige.

Foto: WiMP

Wimp fungerer på Ipod Touch, og selskapet ser difor ikkje nokon grunn til å leggje spesielt til rette for eldre Ipod-modellar.

– Iphone og Android-baserte mobiltelefonar har i stor grad erstatta Ipod som musikkspelar, og etterkvart som denne utviklinga held fram vil bruken av tradisjonelle Ipod-versjonar forsvinne, seier Dybvik.

– Ei god nyheit

Gründeren bak Spotify, Daniel Ek, seier i ei pressemelding at «frå i dag av er Spotify den einaste musikkspelaren du vil trenge. Brukarane vil ikkje bytte mellom ulike musikkspelarar, dei vil ta med seg spelelistene overalt, på ulike spelarar, enkelt og til ein pris dei har råd til».

Daniel Ek, Spotify

Daniel Ek står bak musikktenesta Spotify. No blir det mogleg å koble Ipoden din direkte til Spotify.

Foto: Spotify

– Ein har lenge hatt moglegheita til å laste ned musikk frå Spotify, men no er det knytt tettare opp mot Ipoden slik at det blir enklare å administere musikken, seier Eirik Solheim i NRKbeta til NRK.no.

Han meiner dette er ei god nyheit for brukarane.

– Det verkar som om Spotify ytterlegare har gjort tenesta meir brukarvenleg og spesialisert den for dei som har ein vanleg Ipod, seier han.

Spotify starta som ei gratis streamingteneste, men har den siste tida gått over til meir betalingsorienterte løysingar. For nokre veker sidan kom nyheita om at dei kuttar i gratistenesta. No blir det færre gratislyttingar for brukarane som ikkje abonnerer på tenesta.

Les også:

Kva synest du om det nye tilbodet til Spotify? Er Itunes eller Wimp betre alternativ? Diskuter under!

Kulturstrøm

  • Taper seg i TV-versjon

    «The Lost Symbol» har norgespremiere mandag. Serien er basert på Dan Browns roman fra 2009, men det er Ashley Zukerman, ikke Tom Hanks, som spiller Robert Langdon denne gangen. Sigurd Vik i Filmpolitiet syns serien er «gørrkjedelig». Terningkast 2.

    Ashley Zukerman spiller den unge Robert Langdon, men helten fra «Da Vinci-koden» og «Engler & Demoner» svingte mye bedre i Tom Hanks sin versjon. FOTO: C More
    Foto: C More
  • Norsk film fikk kritikerpris i USA

    New York-kritikerne kåret fredag «Verdens verste menneske» til årets beste utenlandske film. Det har ikke skjedd før med en norsk film. Kåringen kan få betydning for sjansene til å bli Oscar-nominert, melder Rushprint og VG.

    Bilde frå filmen "Verdens verste menneske" (2021)
    Foto: Oslo Pitctures
  • Chris Cuomo sparket fra CNN

    CNN-profilen Chris Cuomo har fått sparken fra CNN etter at det ble avslørt at han hadde hjulpet broren sin, den tidligere New York-guvernøren Andrew Cuomo, bekrefter CNN. Andrew Cuomo er anklaget for seksuell trakassering, og broren Chris skal ha bistått ham blant annet med råd om hvordan saken skulle håndteres overfor mediene.

    Chris Cuomo ble suspendert tidligere denne uka etter at nye detaljer om hvordan han hjalp broren kom fram. CNN har fått et advokatfirma til å gjennomgå detaljene i saken, og konklusjonen er at programlederen avskjediges på dagen.

    Andrew og Chris Cuomo
    Foto: AP