Hopp til innhold

Spent før Maskorama-laurdag: – Veldig gøy om det er nokon eg jobbar tett med

Detektiv og artist Marion Ravn fortel at Maskorama opptar mykje av tida hennar. – Eg grublar kvar kveld før eg legg meg.

Tre festkledde mennesker bak en disk

DETEKTIVPANEL: Marion Ravn sit i detektivpanelet saman med Jan Thomas og Nicolay Ramm. Ho føler trioen har fått god kjemi og kosar seg på jobb.

Foto: Julia Marie Naglestad / Fremantle/NRK

Det er duka for tredje episode av Maskorama.

I første runde var det «Gaupa», Susann Goksør Bjerkrheim, som rauk ut.

«Fugleskremselet» kom hakk i hæl laurdagen etter, med Trygve Slagsvold Vedum bak kostymet.

Det detektiv Marion Ravn gler seg mest til før kveldens maskefest, er å sjå «Puddelen» igjen, som var i karantene førre veke.

Kanskje ein kollega?

Marion Ravn sit i detektivpanelet, og har vore internasjonal musikkstjerne sidan ho var 15 år. Ho utelukkar ikkje at det kan skjula seg ein kollega blant maskene.

– Det kan veldig godt henda, det veit ein jo ikkje. Så det blir spennande å sjå når dei tar av seg maska. Det er veldig gøy om det er nokon eg jobbar tett med, seier ho lattermildt.

Marion Ravn i Maskorama

VANSKELEG: – Det er vanskeleg å gjetta kven det er berre basert på stemma, når ein ikkje ser ansikt og kroppsspråk, seier Ravn.

Foto: JULIA MARIE NAGLESTAD / FREMANTLE/NRK

Med den gode kompetansen sin innan musikk, kan ho nokre gonger utelukka artistar og musikarar.

– Eg føler eg lett kunne høyra at «Fugleskremselet» og «Gaupa» ikkje var profesjonelle songarar. Men «Trollet» er eg sikker på at er ein artist. Det er noko med at ein har ekstra god kontroll på tonane, uthaldet og teknikken.

Men det er ikkje alle som er like enkle å avgjera om er profesjonelle songarar eller ikkje.

– «Elgen» synest eg er vanskeleg. Han er veldig flink. Han lagar bra show, har mykje sjølvtillit og syng bra. Men det har vore mange hint mot at han kanskje er ein fotballspelar.

Elgen fra Maskorama

SJARMØR: «Elgen» sjarmerte Marion Ravn førre laurdag då han kasta ei rose til under framføringa si av Outcast sin «Roses».

Foto: JULIA MARIE NAGLESTAD / FREMANTLE/NRK

– Blir smågal

Totalt 828.000 fekk med seg første episode av Maskorama.

Ravn fortel at ho aldri har vore med på noko slikt før.

– Det næraste eg kjem, må vera asiatiske gameshow då eg gjorde promo i Asia. Då var eg gjest i ganske sprø program.

Ho fortel at ho synest det er utruleg gøy å vera med som detektiv saman med Jan Thomas og Nicolay Ramm.

– Førre laurdag gjekk tida så utruleg fort. Eg kosar meg veldig i panelet saman med Jan Thomas og Nicolay. Det er fint at me har så god kjemi. Eg har fått fine, nye kollegaer.

Ravn seier ho pleier å gå spent og nysgjerrig heile veka før sending.

– Ein blir jo litt smågal av å vera med på det. Eg grublar kvar kveld før eg legg meg.

Du kan sjå Maskorama og bli med på gjetteleiken i kveld på NRK 1 klokka 19.50.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober