Over 1200 deltakarar er påmeldte og i Hallingdal yrer det av folketonar.
- Velkomen til Geilo, Landskappleiken 2007!
Brølet kjem frå gutane i hallingdrakter på hjørnet av Geilohallen. Dei har akkurat vore med på opninga av Landskappleiken og adrenalinet brusar framleis.
Ikkje dårlegare blir det når dei har fått svive med alle dei finaste hallingjentene i stakkar.
Leik sidan 1923
Landslaget for Spelemenn har arrangert landskappleik sidan 1923, bortsett frå dei fem krigsåra. År etter år kjem dei same folka att, men likevel er det alltid nye fjes å møte.
Fornøgd var den gamle kappleiksveteranen Arne Fjeldstad for at han fekk kome her.
- Hjertespesialisten skreiv meg ut frå sjukehuset for at eg kunne kome på Landskappleiken, smiler han og gler seg til å spele i lagspel fredag.
Får håpe at slåtten ikkje er hjerteskjærande!
Telemark toppar
Vokal klasse C, B og D vart unnagjort på onsdag og telemarkingar toppa alle tre klassene.
- Eg har heltar; A.O. Vinje og Talleiv Røysland er to av dei. Eg har pugga og pugga tralling i fjoset, så kyrne slutta nesten å mjølke, ler Aasmund Nordstoga idet han går ut bak scena for vokal B.
Ikkje overraskande stakk han av med seieren. Men overraskande var det heller ikkje at Ellen Marie Selland Geithug frå Voss kom høgt opp. 28 år gamal, men fyrste gong på Landskappleik. Var, mjuk og stemningsfull formidling.