Av Per Olav Alvestad
Volt og ampere
Etter å ha seriekopla fire sitronar skulle eg sjekke om dette ga nok strøm til å gi lys i ei lita lyspære, men det virka ikkje.
For å sjekke om det kom noko strøm ut av sitronane i det heile, hadde eg tatt med meg eit apparat som blant anna måler strøm. Men det kan også måle noko som heiter spenning, og det var det apparatet var stilt inn på då eg skulle bruke det.
Spenning har nemning volt, medan strøm har nemning ampere. Sidan apparatet var stilt inn på å måle spenning, fikk eg opp1 volt i displayet då eg satte det bort til sitronane.
Og i all iveren sa eg då at eg hadde klart å lage strøm, nærare bestemt 1 volt! Men sjølv om det er ei spenning på 1 volt, betyr ikkje det at det er strøm til stede.
Kanskje var det ikkje strøm der i det heile, eller kanskje var det strøm der.
Strøm måler ein jo i ampere, og eg skulle stilt inn apparatet på ampere og ikkje volt. Då hadde vi kunna sett kor mykje strøm vi hadde klart å lage ved å seriekople fire sitronar!
Her kan du sjå eksperimentet om att: