«Fortnite» har sidan det kom i 2017 vore eitt av dei mest populære spela i app-butikkane til Apple og Google. Men torsdag blei spelet fjerna av teknologigigantane.
Dei meiner spelutviklaren Epic Games bryt avtalevilkåra ved å lansere ei løysing med direktebetaling, utan at Apple og Google får sin andel.
Begge selskapa krev vanlegvis opp mot 30 prosent av kjøp som blir gjort i appar.
«Fortnite» er gratis å laste ned, men spelarane kan kjøpe seg ting for å endre utsjånad på figuren sin.
Apple-brukarar har brukt rundt 34 millionar dollar på spelet, medan Android-brukar har brukt rundt 2 millionar dollar, ifølge analysefirmaet SensorTower, skriv Reuters.
Går til søksmål
Epic Games meiner vilkåra til Apple og Google hindrar konkurranse. Dei har difor gått til sak mot teknologigigantane.
– Apple har blitt det dei ein gong kjempa i mot; monsteret som prøver å kontrollere marknaden, blokkere konkurranse og kvele innovasjon. Apple er større, kraftigare og meir skadelege enn dei tidlegare monopolistane, heiter det blant anna i søksmålet.
- Les:
Dei har også gått til angrep på Apple i sosiale medium gjennom kampanjen med emneknaggen #FreeFortnite. Der oppmodar dei spelarane å be om refusjon frå Apple dersom dei mister tilgangen til spelet.
I tillegg har dei laga ein parodi på reklamen Apple brukte under lanseringa av den første Macintosh-maskinen. Reklamen spelte på George Orwells roman «1984», og viste ei ung kvinne som knuste ein skjerm med ei slegge.
I parodien er det ein figur frå «Fortnite» som spelar rolla.
Apple svarar at dei måtte fjerne spelet fordi spelselskapet braut retningslinjene.
– Det at Epics forretningsinteresser gjer at dei pressar på for ei spesiell ordning, endrar ikkje på at retningslinjene skaper likskap for utviklarar og gjere butikken trygg for alle brukarar.
Spotify-støtte
Spotify har lenge vore i konflikt med Apple. Både fordi Apple skal ha sin del av kaka av betalingar som går til Spotify, og fordi dei meiner konkurrenten Apple Music blir favorisert.
Epic får difor støtte frå den svenske musikkstrøymetenesta.
– Apples urettferdige praksis har gjort det vanskeleg for konkurrentar og gått ut over forbrukarane for lenge, skriv dei i ei fråsegn.
- Les:
- Les:
SensorTower rekna i juli ut at «Fortnite» er lasta ned rundt 2 millionar gongar både App Store og Play Store, skriv Reuters.
Fjerninga av spelet gjer at nye spelarar med Iphone ikkje får lasta ned spelet, medan dei som allereie spelar spelet ikkje får oppdateringar.
For Android-brukarar er det framleis mogleg å laste ned spelet frå nettsida til Epic og nettbutikkar som ikkje er eigd av Google, og installere det på telefonen.