Hopp til innhold

Politisk engasjerte artistar i til saman 120 år

Mikael Wiehe, Åge Aleksandersen og Kim Larsen har vore politisk engasjerte artistar i over 120 år - til saman. Sjå opptak av «Til ungdommen» frå 1988.

"Til ungdommen" med Jahn Teigen, Bjørn Afzelius, Kim Larsen og Åge Aleksandersen.

'Til ungdommen' med Jahn Teigen, Bjørn Afzelius, Kim Larsen og Åge Aleksandersen.

Nærmare 7000 billettar til konserten på Operataket i kveld er utselde. For første gong står Åge Aleksandersen, svenske Mikael Wiehe og danske Kim Larsen på same scene. Dei har spelt saman i ulike konstellasjonar før, men har aldri stått saman på èi scene.

– Eg har høyrt Kim Larsen spele, men har aldri treft han. Eg er veldig interessert i at vi på dette« trekongerstreffet» i Oslo får eit bilete av oss tre saman, seier Mikael Wiehe til NRK.

«Til ungdommen» i 1988

Åge Aleksandersen og Mikael Wiehe

Åge Aleksandersen og Mikael Wiehe har samarbeida fleire gongar før, mellom anna med albumet 'To stemmer'.

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

Saman med Åge Aleksandersen møter han pressa på Operataket, medan Kim Larsen ikkje vil la seg intervjue. Dei tre har til saman ei fartstid på 120 år i musikkbransjen, og er kjent for sitt politiske engasjement.

Aleksandersen har samarbeida med Kim Larsen tidlegare, om ein song som vi no knyt opp mot 22. juli: «Til ungdommen».

Sjå videoen øvst i saka.

«Til ungdommen» vart ein viktig song i dagane og året som har gått etter 22. juli 2011. Han er blitt sunge ved minnemarkeringar, gudstenester og gravferder.

Mellom anna spelte KORK og Rådhusklokkene «Til ungdommen» under minnemarkeringa 22. juli i år på Rådhusplassen.

Åge Aleksandersen og Kim Larsen framførte Nordahl Grieg-songen allereie i 1988, saman med Jahn Teigen og Bjørn Afzelius på Momarkedet.

Det eg hugsar var at det var eit ganske avansert prosjekt på management-sida for å få det til å gå i hop. Og eg var vel ikkje den vanskelegaste å ha med å gjere, smiler Aleksandersen.

– Det blei «Til ungdommen» i Kim Larsens arrangement. Og det vart heilt OK.

SJÅ INTERVJU:

Mikael Wiehe, Åge Aleksandersen og Kim Larsen på same scene i Oslo.

Mikael Wiehe, Åge Aleksandersen og Kim Larsen

Spelar «En sång till modet»

Wiehe på Utøya2

Mikael Wiehe på Utøya 22. juli 2012.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Mikael Wiehe spelte under minnemarkeringa på Utøya 22. juli i år, framfor statsministeren, medlemer av Regjeringa, AUF-arar og andre berørte. Spesielt «En sång till modet» gjorde inntrykk på tilskodarane.

– Det er klart at eg spelar «Ein sång till modet» i kveld. Den høyrer heime i Noreg no. Det er songens nye heimland, seier Wiehe.

LES: – La oss ære de døde ved å glede oss over livet

– Kva betydning har politikk for dykk?

– Politikk handlar om kven som skal ha makta: Eliten eller folket. Folket, syns eg, meiner Wiehe.

– Det er ein del av livet mitt. Eg bur i denne verda her, og det er viktig å vere opptatt av det, seier Åge Aleksandersen.

Så spørs det om dei igjen vil spele «Til ungdommen» - denne gongen med ei ny betydning.

HØYR MIKAEL WIEHE PÅ UTØYA:

Mikael Wiehes konsert på Utøya 22. juli 2012, del 3 av 3

Mikael Wiehes konsert på Utøya 22. juli 2012, del 3 av 3

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober