Hopp til innhold

Spelekspert: – Noreg er ein lilleputt i forhold til Sverige

Trass i at heile fem norske spel er nominerte til Nordic Game Awards, er vi milevis unna Sverige. Det meiner spelekspert Audun Rodem.

Klipp fra Krillbites dataspill «Mosaic», som tar for seg det moderne jobbsamfunnet og psykisk helse.

TO NOMINASJONAR: Det norske spelet Mosaic har fått to nominasjonar til Nordic Game Awards.

Foto: Krillbite Studio

– Noreg er jo ein lilleputt i forhold til Sverige, og det har vi vore ei god stund no, seier spelekspert Audun Rodem.

I kveld går Nordic Games Awards av stabelen. Her blir den nordiske spelbransjen feira, og det blir delt ut prisar til dei beste spela i ulike kategoriar.

Men medan norske spel har fått fem nominasjonar, har svenskane fått femten – altså tre gongar så mykje. Noreg har altså ein lang veg å gå før vi når opp til storspel-makta Sverige.

Audun Rodem

LILLEPUTT: Audun Rodem, Redaksjonssjef for Noregs største spelside, gamer.no kan fortelje at Noreg er langt bak Sverige når det kjem til spelutvekling. Likevel ser han framgang.

Foto: Privat

– Vi har 300 sysselsette spelutviklarar i Noreg, mot Sverige sine 8000. Det gjev så klart utslag, seier Rodem.

– Kjempestor ære

– Det er fyrst og fremst ei kjempestor ære. Nordic Games Award er kjent for å vektleggje kunstnariske, nytenkande spel på kostnad av dei store tunge Hollywood-produksjonane, seier Jon Cato Lorentzen.

mosiakk. spelet

EKSISTENSIELT: Spelet Mosaic tar eit oppgjer med det rutineprega livet vårt.

Foto: Krillbite Studio

Han er dagleg leiar i Krillbite, og har vore med på å utvikle eventyrspelet Mosaic. Spelet handlar om lengselen etter å sleppe seg laus frå mobilen og ein meiningslaus arbeidsplass – og har fått to nominasjonar til Nordic Game Awards.

Lorentzen meiner utdelinga er viktig for at spelnasjonen Noreg skal utvikle seg.

– Det at ein kvart år kårar dei beste spela frå Norden er kjempebra, for då får vi konkurrere mot gigantiske svenske selskap.

– Vil få ein gedigen vekst

Rodem trur litt av grunnen til at Noreg framleis heng etter er fordi det har vore vanskelegare for norske utviklarar å hente investormidlar.

Men han meiner at fem nominasjonar vitnar om ein norsk bransje i framgang:

– Det er jo kjempebra. Og det kjem som ein direkte konsekvens av at vi hadde ein del spel-lanseringar i fjor. Vi ser at det kjem fleire og fleire norske spel i løpet av eit år.

Skjembilde fra dataspillet Mosaic

BRYTE STEMNING: Stemninga av å leve eit isolert, rutineprega liv er noko spelet Mosaic utforskar og vil bryte med.

Foto: Krillbite Studio

Jon Cato Lorentzen er audmjuk med tanke på Mosaikks vinnarsjansar i kveld. Men han har stor tru på Noregs framtid som spelnasjon.

– Vi er små, men vi har store ambisjonar om å vekse. Det er såpass mange spennande prosjekt i Noreg no at eg er overtydd om at vi vil få ein gedigen vekst dei neste fem åra.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.