Spelar frustrert – får ikkje kjøpt PlayStation 5 i butikk

Når PlayStation 5 blir lansert 19. november vil det ikkje vere mogleg å få tak i konsollen i butikkane. Grunnen er at Sony vil unngå auka koronasmitte.

Playstation 5

IKKJE I BUTIKK: Det er sju år sidan førre PlayStation-konsoll kom ut. Når PlayStation 5 blir lansert 19. november vil det ikkje vere mogleg å få tak i konsollen i butikkane.

Foto: AFP

– Det er fyrste gongen at det kjem ny konsoll utan at det blir seld i butikk, seier NRKs spelekspert, Rune Fjeld Olsen.

Det har vore ei enorm interesse rundt PlayStation 5, og mange har gleda seg til å endeleg kunne kjøpe den nye konsollen som blir sloppe 19. november.

Vanlegvis er det lange køar og folk som ligg ute i telt natta til lanseringsdagen for å sikre seg det nyaste innanfor gamingverda.

Rune Fjeld Olsen

SPESIELL LANSERING: – Det er fyrste gongen at det kjem ny konsoll utan at det blir seld i butikk, seier NRKs spelekspert, Rune Fjeld Olsen.

Foto: Privat

Slik blir det ikkje i år. For Sony oppfordrar no utsalsstadane til å berre selje på nett, i alle fall ut 2020, for å unngå store folkemengder i butikk.

Det var gamer.no som var fyst ute med nyhenda.

– No forsvann alt håpet

Problemet med at det no berre blir tilgjengeleg på nett er at det allereie er lange køar i førehandssalet på nettopp dei ulike netthandelsstadane.

Skal du førehandsbestille no må du vente til våren eller til sommaren før du kan ha den nyaste PlayStation-konsollen i handa. Det er frustrerande for mange.

Haakon Mikalsen frå Harstad.

FRUSTRASJON: – Eg kjenner på frustrasjon. Det er jo berre ein spelmaskin, men som spelar vil ein jo helst ha det nyaste. No forsvann alt håpet, seier Haakon Mikalsen.

Foto: PRIVAT

– Eg kjenner på frustrasjon. Det er jo berre ein spelmaskin, men som spelar vil ein jo helst ha det nyaste. No forsvann alt håpet.

Det seier Haakon Mikalsen (29) frå Harstad. Han fekk ikkje førehandsbestilt, og planen var derfor å kjøpe i butikk.

– Eg synest det er ei dårleg avgjerd av Sony med tanke på dei som ikkje har fått førehandsbestilt.

Han forstår grunnen, men meiner likevel ein kunne ha innført tiltak for å gjere sal i butikk koronavenleg.

– Aldri sett eit slikt type førehandssal tidlegare

Kommunikasjonssjef i Komplett.no Kristin Hovland kan stadfeste til NRK at det er lang kø på bestillingane av PlayStation 5, og at mange må vente til våren eller enda lengre før dei får det i hus.

– Vi beklagar dette veldig. Vi har aldri sett eit slikt type førehandssal tidlegare.

Kristin Hovland i Komplett.no

LANG VENTETID: Kommunikasjonssjef i Komplett.no Kristin Hovland kan stadfeste til NRK at det er lang kø på bestillingane av PlayStation 5.

Foto: Morten Rakk / Komplett.no

– Komplett gjer alt i vår makt for å levere konsollane så raskt som mogleg til våre kundar. Sony har hatt kjempeutfordringar med å produsere nok og det kan sjå ut som Norden har blitt nedprioritert.

Også Rune Fjeld Olsen synest det er trist for alle som har gått og gleda seg til neste generasjon konsoll.

– Det er opplagt at dei fleste må vente heilt til neste år.

Spekulerer i Sony si koronaforklaring

Fleire har også spekulert i om det også kan vere andre grunnar til at dei ikkje sel i butikk.

– Korona er jo ein gyldig grunn. Konsertar, kino og andre plassar med store folkemengder har jo også kundekontroll, seier Olsen.

Han kjøper argumentet til Sony, samtidig som han understrekar at det går an å spekulere i om dei faktisk ikkje har klart å produsere nok konsollar til lansering.

– Det kan også skuldast korona som vidare har ført til at enkelte komponentar i PlayStation 5 har vore vanskelege å få tak i.

Kulturstrøm

  • Se Astrid S' åpningslåt fra P3 Gull