NRK Meny
Normal

Spekulasjonane om den neste James Bond er i gang

Skodespelaren Tom Hardy er favoritten til spelselskapa. Men Idris Elba og Damian Lewis er også blant dei største favorittane til å bli den neste agent 007.

James Bond - SPECTRE

Daniel Craig har sagt han har spelt inn sin siste James Bond-film. No spekulerer folk i kven som blir arvtakaren i filmserien.

Foto: Jonathan Olley / jonathan olley

Daniel Craig har ved fleire høve sagt at «Spectre» blir hans siste film som James Bond. I så fall gir han seg etter fire filmar i serien, og har blitt den mest populære agent 007 sidan Sean Connery.

No er spekulasjonane i gang om kven som kan bli den neste til å plukke opp Walther PPK-pistolen og be om ein lett blanda martini, om ikkje Craig skulle ombestemme seg, skriv den britiske avisa The Guardian.

Første svarte Bond?

BRITAIN-ENTERTAINMENT/ Actor Tom Hardy poses as he arrives for the British premiere of "The Revenant", in London, Britain

Tom Hardy er for tida den heitaste kandidaten til å bli den neste agent 007.

Foto: TOBY MELVILLE / Reuters

Akkurat no er det Tom Hardy som er favoritten, om vi skal tru spelselskapa. Han var sist å sjå i storfilmar som «Mad Max: Fury Road» og «The Revenant» som begge vann fleire Oscar-prisar tidlegare i år.

– Han har eit stort register å spele på, og har den rette karismaen, skriv avisa.

Ein som har vore med i spekulasjonane lenge er Idris Elba, kjend frå blant anna tv-seriane «The Wire» og «Luther». Han vil i så fall bli den første svarte James Bond.

AWARDS-BAFTAS/ Idris Elba arrives at the British Academy of Film and Television Arts (BAFTA) Awards at the Royal Opera House in London

Idris Elba er lansert som den første svarte Bond, men enkelte meiner alderen taler mot han.

Foto: TOBY MELVILLE / Reuters

Men uavhengig av det blir han trekt fram som ein strålande kandidat. Det einaste som taler mot han, skal vere alderen. Han vil vere minst 45 år når den neste Bond-filmen kjem på kino.

Damian Lewis er også ein av favorittane. Men blir rekna som kanskje eit litt for sikkert val, og er også litt i eldste laget. Fordelen med å velje Lewis er at han etter tre sesongar i tv-serien «Homeland» og med ei ny rolle i storserien «Billions», er godt kjent for det amerikanske publikummet. Og det kan bety pengar i kassa.

Super-Bond

France Crimson Peak

Tom Hiddleston sa i eit avisintervju at han hadde svært lyst på Bond-rolla.

Foto: Francois Mori / Ap

«Hobbiten»-skodespelaren Aidan Turner har ein alder, 32 år, som gjer at han kan spele agent 007 mange gongar før han blir for gamal. Han vil kanskje vere eit overraskande val om det blir han, men han har mange av dei rette kvalifikasjonane, skriv The Guardian.

Henry Cavill, som blant anna har spelt i nyinnspelinga av spionfilmen «The Man from UNCLE», er også 32 år. Han er også ein av favorittane, sjølv om han nettopp har signert ein avtale om fleire filmar som Superman. Det spørst om han får tid til å også vere James Bond.

Eit siste namn på favorittlista er Tom Hiddleston, kjent frå «Thor» og «The Avengers». I helga fridde han uhemma til Bond-produsentane i eit intervju med Sunday Times. Der fortalde han kor stort det ville vere for han om han skulle få rolla.

Kulturstrøm

  • Dokumentar: Avijii

    Allerede som 23-åring var svenske Tim Bergling en av verdens mest kjente og populære DJ-er. Våren 2013 dro han på turné i Australia der han trakk fulle hus. Se dokumentaren her:

    Sv. dokumentar. Allerede som 23-åring var svenske Tim Bergling en av verdens mest kjente og populære DJ-er. Våren 2013 dro han på turné i Australia der han trakk fulle hus. Overskuddet gikk til et veldedig prosjekt, "House for Hunger".
  • Feirer 92 år med Shaggy og Kylie

    Britenes dronning Elizabeth markerer sin 92-årsdag med konsert i London lørdag kveld. På scenen står blant andre Sting, Tom Jones og Jamie Cullum. Også Kylie Minogue, Shaggy og Craig David skal opptre på dronningens bursdagsfest (NTB).

    Video Direkte fra parlamentet
    Foto: Nyhetsspiller