Hopp til innhold

Kunsten å få ein god date

Sjå korleis det gjekk då NRKs reporter gjekk på date - i kunstens namn!

– Gratulerar, du har fått ein date!

Lena Thorsmæhlum peikar på mobiltelefonen med raudlakkerte negler og smiler. NRK-reporter Maria Pile Svåsand ser beklemt ut. Ho har takka ja til å testa ut det deltakande kunstkonseptet «The Lovers’ Matchmaking Agency» i praksis.

– De skal møta han om ein halvtime, du må hugsa å ta med deg ein blome, seier Lena Thorsmæhlum, kledd i kvitt skjørt, stripete cardigan og matroskrage med raud sløyfe.

Aarni Korpela Johanna MacDonald

Dei to finske kunstnarane Aarni Korpela og Johanna MacDonald står bak speeddating-prosjektet The Lovers’ Matchmaking Agency Tours.

Foto: Maria Lavik
Tor Kjetil Edland

Tor Kjetil Edland håpar at kunstprosjektet gjer at folk vil gå oftare på stevnemøte.

Foto: Maria Lavik

Kunst mot fordommar

Me står i eit kvitt maritimt kontor i Oslo. Langs veggen går raude striper, på sofaen er det puter med båtmotiv og fleire matrosjakker heng på klesstativa.

Kontoret er blitt til ei kjærleiksskute, styrt av dei to finske kunstnarane Aarni Korpela og Johanna MacDonald. Dei har starta speeddating-prosjektet «The Lovers’ Matchmaking Agency Tours».

– Dette er kunst, det er mi personlege meining. Det handlar om å møta seg sjølv og sine eigne fordommar, det opnar opp for at ein kan endra seg som person, seier førsteoffiser Johanna MacDonald, kledd i kvit uniform.

– Dette er ein form for performance, men folk gjer det til det dei vil, seier kaptein Aarni Korpela som matchar sin kollega.

Åleine mot verda

Målet med dating-prosjektet er å få folk til å prøva noko nytt. Vanlege folk møter opp, og kan velja frå ein meny av forslag til stemnemøte.

Nokre av forslaga handlar om å gå på bar i bunad, eller å sitja stille gjennom heile stemnemøtet (sjå meir nederst i artikkelen). Desse oppgåvene skal føra deltakarane saman.

– Me vil at dei som går på stemnemøte saman skal føla at det er dei to mot verda, seier Johanna MacDonald.

Dei vert sett saman av matchingekspertar, som Lena Thorsmælum.

– Det passar perfekt for meg, for eg elskar matchmaking og å rota meg opp i andre folk sitt liv, ler Lena Thorsmæhlum, som har gått gjennom to dagars trening for å bli ekspert på å finna fram til folk som passar saman.

Bra trening for single

Dei to finske kunstnarane håpar at deltakarane vil opna opp og finna tonen med kvarandre. Målet er likevel ikkje at alle skal finna sin livs store kjærleik gjennom kunstprosjektet.

– Me vil at folk skal få ei litt opnare innstilling til kvarandre, og ikkje vera så raske med å dømma andre. Me nordmenn har godt av å vera opne for meir dating i kvardagen, seier Tor Kjetil Edland, norsk produsent for kunstprosjektet.

Han smiler og legg til:

– Men dette er bra trening i dating for single.

Så: putekrig

Så er det Maria Pile Svåsand sin tur. Ho har fått nummer 33 på datingmenyen: putekrig.

– Eg har heller lyst til å skriva lappar til kvarandre, eg likar ikkje slike fysiske ting, surmular ho på veg ut døra med ei stor raud pute under armen.

I ein liten park står ho og skodar, på jakt etter ein annan med blome i handa.

– Håpar det ikkje er han, seier ho og peikar på ein mann som sit intetanande på benken.

Så kjem det som kan bli draumeprinsen: Kim-Jøran Bjerkan, med pute i eine handa, blome i den andre.

Dei helsar forsiktig men tør raskt opp. Kim-Jøran får inn første treff, men Maria er nådelaus. Ho gjev seg ikkje før han ligg i bakken.

– Eg sparte litt energi, altså, seier han til slutt.

– Særleg, svarar Maria.

Dei utvekslar høflegheitsfrasar, og går kvar til sitt.

– Det var litt kleint. Men interessant å bli dratt ut av mitt gamle mønster, seier Maria Pile Svåsand og tuslar heim med puta under armen.

Høyr radioreportasjen av Maria Pile Svåsand frå kunstprosjektet her:

Kulturstrøm

  • «Motståndaren» blir svensk Oscar-kandidat

    Filmen om en bekymret, iransk bryter er Sveriges Oscar-kandidat.

    – Det er litt uvirkelig, sier regissør av «Motståndaren», Milad Alami til TT om at den svenske Oscar-komiteen valgte hans film foran blant annet Lukas Moodysons «Tilsammans 99».

    Allerede er hans film valgt ut som svensk kandidat til Nordisk råds filmpris, som deles ut i oktober.