Hopp til innhold

Soundcloud startar betalingsteneste

Strøymetenesta Soundcloud lanserer i dag ei abonnementsteneste i håp om å kunne ta opp kampen med blant andre Spotify og Apple Music.

US-GRAMMY-SHOW

Taylor Swift har vore restriktiv med kven som får strøyme musikken hennar. No har ho gjeve grønt lys til Soundcloud Go.

Foto: ROBYN BECK / Afp

Sidan starten i 2007 har Soundcloud vore ein netteneste der kven som helst har kunne laste opp musikken sin for å kunne presentere han for eit større publikum. For mange startar artistdraumen nettopp her. Dei har etter kvart innført betaling for enkelte avspelingar og reklame, skriv nyheitsbyrået AP.

Men i samband med at dei har signert avtalar med fleire store plateselskap, lanserer Soundcloud no ein eigen abbonementsteneste utan reklame. I tillegg har fleire store artistar som har vore kritiske til strøyming, som Taylor Swift, sagt gjeve grønt lys for den nye tenesta.

Stort musikkutval

Soundcloud-Paid Streaming Eric Wahlforss

Eric Wahlforss i Soundcloud trur den nye abonnementstenesta deira skal hevde seg i strøymemarknaden for musikk.

Foto: Richard Vogel / Ap

I første omgang er tenesta, som skal koste frå 10 dollar i månaden, berre tilgjengeleg i USA, skriv The Guardian. Men Soundcloud kjem til å lansere tenesta i fleire land, etter kvart som dei får på plass avtalar. Dei håper at flest mogleg av dei 175 millionar brukarane deira skal velje å gå inn i eit abonnement.

Soundcloud Go, som blir namnet på den nye tenesta, har 125 millionar spor tilgjengeleg for kundane sine. Det er rundt fire gongar meir enn det konkurrentar som Spotify og Apple Music har. Soundcloud seier det vil vere opp til den enkelte artisten om dei vil dele musikken sin gratis eller vil ta betalt.

– Vi har så vidt sett starten på strøyming av musikk. Og kaka kjem til å bli større over tid, seier ein av grunnleggarane av Soundcloud, Eric Wahlforss, til AP.

Trongt om plassen

Daniel Ek

Spotify og Daniel Ek leiar førebels i kappløpet om strøymekundane av musikk.

Foto: SHANNON STAPLETON / Reuters

Men kampen er alle reie hard. Spotify har i dag om lag 30 millionar betalande kundar, medan Apple Music har passert 10 millionar betalande brukarar på verdsbasis etter lanseringa i fjor. Medan Tidal, tidlegare Wimp, passerte tre millionar brukarar i dag. I tillegg kjemper tenester som Deezer og Youtube Red om strøymekundane.

Men Wahlforss er ikkje redd for å snakke opp Soundcloud Go, ifølge The Guardian:

– Dette er kanskje den mest ultimate strøymetenesta for musikk som nokon gong har eksistert.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.