Hopp til innhold

Sophie Elise-dansar etter hetsen: – Dette er min kvardag

– Meiningslaust å diskutere med dei som har slike haldningar. Det seier Kingsford Siayor som dansar og speler mot Sophie Elise Isachsen i hennar musikkvideo «All Your Friends» til Dagbladet.

Tidlegare denne veka hagla det med grov hets og rasistiske ytringar i kommentarfelta under musikkvideoen til Sophie Elise, både på Youtube og Vimeo. Så ille var det at kommentarfelta blei stengt.

I førre veke gav bloggaren, forfattaren og artisten Sophie Elise ut singelen «All Your Friends». I helga blei musikkvideoen, som er innspelt i Lofoten, lansert på nett. I videoen har ho ein mørk, mannleg motspelar, og det sette sinna i kok i kommentarfeltet.

– Det verste eg har sett

Sophie Elise har uttalt seg om sjokket ho kjente då ho las kommentarane. Ho fortalde NRK at ho er vant med å få kritikk i kommentarfelta, men at ho aldri har opplevd liknande.

– Eg var ikkje klar over at slike haldningar eksisterte i dag. Det vi ser i kommentarfelta under videoen er umenneskeleg drygt. Eg har lese mange kommentarfelt under diverse saker, men dette er det verste eg har sett, sa ho til NRK.

Vant til rasehets

Danseren i videoen er den 32 år gamle skodespelaren Kingsford Siayor. Han har ikkje uttalt seg om hendinga før no.

Blant dei mange hundre kommentarane som blei posta stod det blant anna at skandinaviske kvinner er i ferd med å utslette seg sjølve ved å blande seg med menn med mørk hudfarge. Sophie Elise blei kalla eit «skittent ludder», medan den mannlege motspelaren hennar blei kalla «apekatt».

– Kommentarane var retta mot alle med anna etnisk bakgrunn, ikkje berre meg personleg. Eg føler meg ikkje som eit offer i det her, sjølv om mange tenker det, fortel Siayor til Dagbladet.

Kingsford Siayor (Hippolytos) og Øyvind Brandtzæg (Teramenes)

SKODESPELAR: Kingsford Siayor i rolla som Hippolytos og Øyvind Brandtzæg som Teramenes i oppsettinga av «Fedra» på Trøndelag Teater.

Foto: GT Nergaard

Siayor fortel at han har vore skodespelar i snart ti år. Han er opphavleg frå Ghana og kom til Norge som 7-åring. Han fortel til Dagbladet at han har opplevd liknande før.

– Det er min kvardag. Eg synest det er fint at Sophie Elise tilset profesjonelle folk både framfor og bak kamera. Men videoen har vist at bruken av skodespelarar med anna etnisk bakgrunn dessverre framleis er kontroversiell i Norge, seier han.

Hetsen truleg organisert

Etter at nyheitsmedium omtalte netthetsen skrytte enkelte av brukarane på nettstaden 4 Chan i ein tråd av at VG og NRK omtalte saka.

Ein av brukarane skreiv: «Vi klarte det. Alle dei store mediehusa i Norge omtaler saka».

På nettstaden 4 Chan hevdar ein anonym brukar å stå bak netthetsen mot musikkvideoen til bloggar og artist, Sophie Elise Isachsen.

Kulturstrøm

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK
  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober