Hopp til innhold

Sophie Elise blir hetsa på Youtube

I kommentarfeltet under musikkvideoen til Sophie Elise Isachsen, haglar det med grov hets og rasistiske ytringar. No vurderer plateselskapet om dei skal melde saka til politiet.

I førre veke gav bloggaren, forfattaren og artisten Sophie Elise ut singelen «All Your Friends». I helga blei musikkvideoen, som er innspelt i Lofoten, lansert på nett. I videoen har ho ein mørk, mannleg motspelar, og det har sett sinna i kok i kommentarfeltet.

Til no har det blitt posta over 700 kommentarar. Fleire brukarar kjem med hets og rasistiske kommentarar både mot bloggaren og motspelaren. Dei skriv blant anna at skandinaviske kvinner er i ferd med å utslette seg sjølve ved å blande seg med menn med mørk hudfarge. Sophie Elise blir kalla ei «skitent ludder», medan den mannlege motspelaren hennar blir kalla «apekatt».

Fekk sjokk

Sophie Elise Isachsen seier til NRK at ho er vant med å få kritikk i kommentarfelta, men ho seier ho aldri har opplevd liknande.

– Eg var ikkje klar over at slike haldningar eksisterte i dag. Det vi ser i kommentarfelta under videoen er umenneskeleg drygt. Eg har lese mange kommentarfelt under diverse saker, men dette er det verste eg har sett.

Ho synest også det er ekstra vanskeleg denne gongen fordi kritikken ikkje berre går ut over henne, men også skodespelaren som er med i videoen.

Tidlegare i dag la ho også ut ei melding på Instagram, der ho skreiv at ho var sjokkert over reaksjonane. Der skreiv ho også at hudfarge ikkje var viktig for henne då ho skulle velje motspelar.

– Eg ville ha ein som kunne skodespel, som hadde erfaring med dans, og kunne gjere løft med meg. Og ikkje minst ein som er tøff nok til å kaste seg ut på eit prosjekt som dette.

Kan bli meldt til politiet

Plateselskapet Universal, som har gjeve ut singelen, er også sjokkerte over det som kjem fram i kommentarfelta på Youtube. Norskansvarleg Bjørn Rogstad skriv i ein epost til NRK at dei vurderer å melde saka til politiet.

– Vi er djupt skaka og sjokkerte. Dette er ein vanskeleg og eitthundreprosent deprimerande situasjon. Skal vi stenge gørra ned, og ikkje gi dei tjue idiotane meir merksemd, eller skal vi la dei steike i sola? Vi vurderer alle moglegheiter – også å melde til politiet. Vi er i dialog med dei rette instansane rundt dette.

Rune Berglund Steen byline

Dagleg leiar i Antirasistisk Senter, Rune Berglund Steen, meiner plateselskapet Universal bør melde dei rasistiske meldingane til politiet.

Foto: Antirasistisk senter

Dagleg leiar i Antirasistisk Senter, Rune Berglund Steen, er ikkje i tvil om kva Universal og Sophie Elise Isachsen bør gjere.

– Det er heilt klart at plateselskapet bør melde dei openlyst rasistiske kommentarane til politiet. I tillegg bør Youtube kome på banen og fjerne kommentarane.

Han seier at slike kommentarar dessverre ikkje er heilt uvanleg.

– Det er lite som provoserer ein del rasistar meir enn ei kvit kvinne og ein svart mann saman. Dette er ein ekkel form for rasisme som burde høyre heime nokre hundreår tilbake, men han er der framleis.

Verktøy til å administrere kommentarane

Videotenesta YouTube er eigd av Google. Google Norway uttalar seg i ein e-post til NRK om korleis dei handterer slike ytringar i kommentarfelta.

«YouTube sine retningslinjer mot hatefulle ytringar gjeld både kommentarar og videoar, og vi gir folk fleire måtar å rapportere og administrere kommentarar på nettstaden. Brukarar kan flagge upassande kommentarar på sine eigne videoar, eller bruke hjelp- og sikkerheitsverktøyet, og vi fjernar alt som bryt retningslinjene våre.»

Dei seier også at det finst verktøy til å administrere kommentarane på kanalane sjølv, som å moderere kommentarar, fjerne individuelle kommentarar eller deaktiverer kommentarfeltet heilt.

Kulturstrøm

  • «Motståndaren» blir svensk Oscar-kandidat

    Filmen om en bekymret, iransk bryter er Sveriges Oscar-kandidat.

    – Det er litt uvirkelig, sier regissør av «Motståndaren», Milad Alami til TT om at den svenske Oscar-komiteen valgte hans film foran blant annet Lukas Moodysons «Tilsammans 99».

    Allerede er hans film valgt ut som svensk kandidat til Nordisk råds filmpris, som deles ut i oktober.