Hopp til innhold

Sophie Elise åtvarar mot mjølk – fagfolk reagerer

– Viss du har problem med huda di, prøv å hald deg unna mjølk for ei stund, oppfordrar Sophie Elise på sin Instagram. Fagfolk meiner det kan føre til forstyrra forhold til mat.

Blogger og forfatter Sophie Elise Isachsen deltar på morgenseminaret.

EIGNE ERFARINGAR: Påverkar Sophie Elise Isachsen oppfordrar følgjarane sine til å kutte ut mjølk for å betre huda si.

Foto: Vidar Ruud / NTB Scanpix

– Tilsynelatande er det ein forsiktig, daglegdags kommentar, men eigentleg er det ein omfattande anbefaling om å kutte ut matvarer som det ikkje er belegg for.

Mari Eskerud er klinisk ernæringsfysiolog, og jobbar i Nestle Health Science. Ho reagerer på utspela til påverkar Sophie Elise Isachsen som har 440.000 følgjarar på Instagram.

I går kveld la ho ut ein story på Instagram-profilen sin der ho åtvara følgjarane sine mot å drikke mjølk. Hovudargumentet var at den kvite væska er dårleg for huda.

Sophie Elise på instagram-story om at mjølk er dårleg for huden
Foto: Skjermdump frå Sophie Elise Isachsen sin Instagram-profil

Sophie Elise seier at ho baserer rådene på egne erfaringar, samt artiklar hos nettstadene Insider, Healthline og Costume.

– Mine erfaringar er at når eg kuttar ned på meieri, eller kuttar det ut, blir huda betre. Mindre kviser rett og slett, skriv Isachsen i ein mail til NRK.

I tillegg anbefaler ho følgjarane sine til å sjå ein YouTube-film som tar opp det etiske ved mjølkeproduksjon – ein tematikk ho har vore oppteken av lenge.

Kan forstyrre forhold til mat

Eskerud, som sjølv har Instagram-profil, fortel at ho har fått mykje respons frå følgjarane sine som seier at dei i større eller mindre grad har blitt påverka av slike råd.

Mange opplever slengmerknadar om mat og kosthald frå ulike hald, og summen av udokumenterte råd blir difor stor.

– Det finst artiklar, kjendisar, og influensaar som kjem med utsegn det ikkje er hald for, men som ein trur på etter kvart.

Klinisk ernæringsfysiolog Mari Eskerud svarer på påstandane til Sophie Elise om mjølk.
Foto: Skjermdump frå klinisk ernæringsfysiolog Mari Eskerud om mjølk og hud

Ho er redd det vil skape eit forstyrra forhold til mat og kosthald.

– Det kan føre til frykt for vanleg mat. I verste fall eteforstyrring. Men hovudeffekten er kjensla av plikt, uro og dårleg samvit for maten ein et.

Ifølgje Eskerud finst det truleg ein samanheng mellom å drikke mjølk og det å få akne – for nokre. Men det står framleis att mykje forsking før vi kan seie sikkert korleis denne samanhengen er.

mari Eskerud. Klinisk ernæringsfysiolog.

KRITISK: Personar utan ernæringskompetanse bør ikkje dele ut råd om kosthald og sjukdom og spesielt ikkje eliminasjonsdiettar, seier klinisk ernæringsfysiolog Mari Eskerud.

Foto: Privat

Større spørsmål enn berre helse

NRK har lagt fram synspunkta til Eskerud for Isachsen. Ho meiner ein må kunne uttale seg om ein vegetarisk livsstil utan å vere redd for at det kan trigge nokon.

– Dette er eit større spørsmål enn berre helse. Eg oppfordrar ikkje til slanking, og tipsar ofte om gode erstatningar for meieri.

Ho legg til at følgjarane synest det er interessant at ho delar tips som handlar om hud.

Isachsen trekker også fram dei etiske sidene rundt meieri- og kjøttproduksjon.

– Mjølka skal eigentleg gå til kalven, men blir gjeve til oss menneske i staden for. Det synest eg er verdt å stille spørsmålsteikn ved.

Ingen generell anbefaling

Hudlege Ellen Slevolden understrekar at ingen enkeltmatvarer har dokumentert effekt på behandling av kviser.

Likevel peiker ho på at hjå nokre kan det vere gunstig å redusere inntak av mjølk.

– Det er ikkje slik at vi råder folk med akne å la vere å drikke mjølk, men viss ein drikk fleire liter om dagen kan det ha ein effekt på kviser.

Kulturstrøm

  • Tre norske er nominert til Nordisk Råds barn- og ungdomslitteraturpris

    Grøssaren «Udyr» av Ingvild Bjerkeland og høgtlesingsboka «Oskar og eg» av Maria Parr og illustratør Åshild Irgens nominert frå Noreg.

    I tillegg er Saia Stueng frå Karasjok nominert for ungdomsromanen «Hamburgerprinseassa – Eallá dušše oktii» i kategorien for det samiske språkområdet.

    Totalt 14 nordiske biletebøker, barnebøker og ungdomsromanar nominerte til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2024.

    Fleire av dei nominerte tek for seg eksistensielle spørsmål om livet og døden. Eit anna tema som går att er menneska sin relasjon til naturen.

    Vinnaren vert offentleggjort 22. oktober.

    Montasje forfatterportrett Maria Parr og coveret til barneboka Oskar og eg
    Foto: Samlaget/Jula Marie Nagelstad
  • Tungtvann feirer 25-årsjubileum i Operaen

    I år er det 25 år siden Tungtvann slapp sin første EP «Reinspikka Hip Hop».

    Det feirer de med å opptre på Operaen i Oslo.

    15. september blir det nemlig nordnorsk rap på menyen i hovedstadens storstue. Kringkastingsorkestret (KORK) blir også med på feiringen.

    I tillegg er hiphop-profiler som Petter, Jaa9 & OnklP, Lars Vaular, Oscar Blesson, Tyr, Grim Pil og Rambow invitert til jubileet.

    – Med den line-upen vi har så lurer jeg på om operaen er stor nok til å huse oss, sier Jørgen Nordeng i en pressemelding.

    – Sånn rent publikumsmessig, understreker han.

    Nordnorske Tungtvann er regnet for å være de første til å lykkes med rap på norsk.

    – Da vi begynte var det for å bevise at det gikk an. Vi følte at det meste vi hadde hørt av norsk rap ikke hørtes ut som hiphop, sier Nordeng.

    Arrangementet er i regi av Bodø2024.

    – Grunnen til at vi ønsker å gjøre det i Oslo, som den eneste produksjonen vi gjennomfører der, er at dette fenomenet funker på norsk takket være nordlendinger. Da gir det mening å ta det til hovedstaden, forteller programsjef Henrik Sand Dagfinrud

    Tungtvann opptrer på operaen 15. september
    Foto: Tarjei Krogh
  • Fleire artistar droppar Eurovision-arrangement

    Artistane Dotter og Titiyo skulle opptredd i Eurovision Village, men har no trekt seg. Det melder NTB.

    Eurovision Village er det offisielle festivalområdet knytt til Eurovision i Sverige. Der skal det vere fleire konsertar og arrangement frå 4. til 11. mai. Fleire av dei som skal opptre har trekt seg frå arrangementa.

    Bookingansvarleg for Titiyo skriv at «logistiske årsaker» er årsaka til at artisten ikkje speler. Dotter har fått fleire oppfordringar til å boikotte Eurovision på Instagram, fordi Israel deltek, skriv NTB.