Hopp til innhold

Sony satsar på vinyl igjen

Nesten 30 år etter at dei la ned vinylproduksjonen, vil det japanske plateselskapet Sony opp att verksemda. No søker dei etter teknikarar som kan den gamle kunsten.

JAPAN-ENTERTAINMENT-VINYL-MUSIC-SONY

Ein butikksjef i ein platebutikk i Tokyo viser fram ei japansk utgåve av The Beatles-plata «Let It Be». Etterspurnaden etter vinylplater gjer no at Sony tek opp att produksjonen av vinylplater.

Foto: TOSHIFUMI KITAMURA / AFP

På byrjinga av 80-talet var Sony eitt av dei mest innovative musikk- og teknologiselskapa i verda. Dei utvikla kassettspelaren Walkman, som gjorde det enkelt å ta med seg musikken når du var på farta, og samen med Phillips utvikla dei CD-plata.

I 1989 slutta Sony å lage vinylplater fordi forbrukarane heller ville ha CD og andre teknologiar. Men dei siste åra har vinylen fått ein renessanse, og til neste år tek det japanske selskapet opp att produksjonen, skriv avisa Nikkei.

Manglar kunnskap

Det å lage vinylplater er ein krevjande prosess der lydkvaliteten blir påverka av både djupna og vinkelen på platerillene. Etter nesten 30 år, er dette kunnskap som har gått i gløymeboka hos mange. Sony er difor i ferd med å kare til seg gamle lydteknikarar som kan lære nye generasjonar kunsten å lage gode vinylplater.

SWEDEN-MUSIC/

Den auka interessa for vinylplater, held liv i dei tradisjonelle platebutikkane. Her frå den internasjonale Record Shop Day i Stockholm 22. april i år.

Foto: TT NEWS AGENCY / REUTERS

Etter planen skal dei første platene i produksjon i mars neste år. Det er venta at Sony blant anna skal gi ut gamle, japanske innspelingar dei eig rettane til, i tillegg til nyare popmusikk.

– Det er særleg dei yngre brukarane som har bidrege til den auka etterspurnaden etter vinylplater. Dei vil kjøpe songane dei har høyrt og likar på strøymetenestene, seier administrerande direktør i Sony, Michinori Mizuno til Nikkei.

Sony kjem truleg til å produsere vinylplater for andre plateselskap også. Den store etterspurnaden etter vinylplater gjer at det ikkje er nok presser tilgjengeleg, og artistar står i kø for å få produsert platene sine.

Fysisk format lever

Big Dipper

Platebutikken Big Dipper har spesialisert seg på sal av vinyl. Dei måtte utvide for å møte den auka etterspurnaden etter vinylplater.

Foto: Mathias Fossum

Mange bruker strøymetenester som Spotify, Apple Music og Tidal når dei skal høyre på musikk. Det at desse tenestene har blitt marknadsleiande, har ført til påstandar om at albumformatet er dødt. Då Röyksopp gav ut albumet «The Invitable End» i 2014, så dei at det var deira aller siste album. Medan andre norske artistar seier dei aldri vil gi opp albumformatet.

Men det fysiske formatet er framleis stort. Ifølge ein rapport konsulentfirmaet Deloitte laga tidlegare i år, kjem salet av vinylplater passere ein milliard dollar på verdsbasis i år. Det er rekordhøgt. Samtidig skal salet av CD-plater og digitale nedlastingar halde fram med å falle.

Kulturstrøm

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK
  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober