Hopp til innhold

Sonja Henie-skodespelar: – Eg har trent beinhardt

BUCURESTI, ROMANIA (NRK): Skodespelar Ine Marie Wilmann hadde så vidt stått på skøyter då ho fekk rolla som Sonja Henie, nå overraskar ho både trenarar og filmregissør med sitt høge nivå.

Skodespelar Ine Marie Wilmann er ein tru kopi av Sonja Henie i dansenummeret Tico tico frå filmen «It

Ine Marie Wilmann er ikkje så ulik sin rollefigur Sonja Henie, i alle fall når det kjem til pågangsmot.

Det er to år sidan det blei kjent at Ine Marie Wilmann skulle spele hovudrolla i filmen «Sonja».

Sidan ho fekk rolla har Ine Marie Wilmann hatt som mål å bli skikkeleg god på skøyter.

– Mitt ambisjonsnivå er skyhøgt. Eg har tenkt at eg skulle bli dritgod, det har vore mitt mål, seier skodespelar Ine Marie Wilmann.

7 treningsøkter i veka

For det er ingen kven som helst Wilmann skal portrettere på isen. Sonja Henie, som blei født i Oslo i 1912, deltok i sitt første OL alt som 11-åring. Ho vant 3 OL-gull og ti VM-gull i løpet av si kunstløp-karriere.

Ine Marie Wilmann som Sonja Henie

TID FOR KAFFI: Ine Marie Wilmann tek seg litt varm drikke innimellom opptaka på filmsettet.

Foto: Helga Tunheim / NRK

– Det begynte med at eg øvde litt sporadisk og lite målretta i vintersesongen. Men heilt sidan juletider har eg trent skøyter tre gonger i veka, ballett to gonger i veka, personleg trenar to gonger i veka i tillegg til diettar og skodespelararbeid, seier Wilmann.

NRK er på besøk i Bucuresti filmstudio i Romania der den norskproduserte filmen «Sonja» i desse dagar blir spelt inn.

Etter fleire timar i sminka er Ine Marie Wilmann nesten heilt lik Sonja Henie i dansenummeret Tico tico frå filmen «It's a Pleasure» frå 1945. I filmstudioet har dei også rekonstruert den svarte isen som var Sonja Henie sitt varemerke.

Ine Marie Wilmann og Sonja Henie

LIKE: Skodespelar Ine Marie Wilmann med eit liknande kostyme som Sonja Henie hadde i dansenummeret Tico tico frå filmen «It's a Pleasure».

Foto: Helga Tunheim / NRK/Scanpix

Filmen handlar om Sonja Henie sitt vaksne liv frå starten av hennar karriere som Hollywood-skodespelar og isshow-artist. På eit tidspunkt var Sonja Henie den best betalte skodespelaren i Hollywood uansett kjønn.

– Eg har gleda meg sånn til dette prosjektet. Eg synest Sonja Henie var eit fantastisk menneske og for meg er det ei gåvepakke som skodespelar å få spele henne over 20 år. Denne filmen er kanskje det første møtet med Sonja for mange unge i dag, seier Wilmann.

– Eit talent

Anne Sewitsky

REGISSØR: Anne Sewitsky følger med når opptaket går under filminnspelinga av «Sonja» i Bucuresti filmstudio.

Foto: Helga Tunheim / NRK

På eit filmsett må ein ofte gjere fleire opptak av eit klipp før regissøren blir nøgd. Med Ine Marie Wilmann sine danse- og kunstløp-ferdigheiter blir jobben enklare for regissør Anne Sewitsky.

– Ho er rett og slett veldig flink, ho har øvd og trent i nokre år, så det fungerer fort veldig bra, seier regissør Anne Sewitsky.

Ine Marie Wilmann og Anne Sewitsky

TERPAR: Regissør Anne Sewitsky ser på originalvideo av Sonja Henie og terpar på dansedetaljar saman med Ine Marie Wilmann på isen.

Foto: Helga Tunheim / NRK

Også koreograf Catarina Lindgren, som har ansvaret for isdansen i filmen er imponert over nivået som Wilmann held.

– Ho har klart seg mykje betre enn kva ein eigentleg kan forvente etter å ha gått så lite på skøyter. Det er heilt uvanleg at ho speler inn så mange av scenane på isen sjølve. Hadde ho byrja som lita, hadde det gått bra for henne i kunstløp, seier Catarina Lindgren.

Kulturstrøm

  • 3,7 millioner til fem filmproduksjoner

    Internasjonalt Samisk Filminstitutt (ISF) har bevilget 3,7 millioner norske kroner i årets første bevilgningsrunde. To kortfilmer, en tv-serie og to langfilmer får bevilgning.

    Det skriver ISFI i en pressemelding.

  • YouTube krever merking av KI-innhold

    De som publiserer på YouTube fremover, må huke av om innholdet er manipulert eller endret for å tydeliggjøre hva som er skapt ved hjelp av kunstig intelligens.

    – Seerne får stadig mer behov for åpenhet om hvorvidt det de ser på, er manipulert eller syntetisk, skriver selskapet på sin blogg.

    Den nye merkingen vil gjelde videoer hvor det kan være tvil om det man ser virkelig er ekte, for eksempel såkalt deepfake, hvor en kjent person sier noe vedkommende aldri har sagt.

    Det vil ikke gjelde videoer som åpenbart er manipulert, som for eksempel animasjonsvideoer, skjønnhetsfilter og spesialeffekter.

    (NTB)

  • Kvinnegruppa Ottar har anmeldt pornografisk russebuss

    Kvinnegruppa Ottar har anmeldt en russebuss fra Bryne som skal ha en pornografisk illustrasjon på siden av bussen.

    De har videresendt anmeldelsen, som de leverte til Sørvest politidistrikt, til Stavanger Aftenblad.

    Gruppa mener at illustrasjonen på utsiden av bussen bryter med straffeloven paragraf 317 om pornografi og paragraf 318 om utstillingsforbud av bilder av eksplisitt seksualisert karakter.

    – Kvinnegruppa Ottar reagerer kraftig på at noen skal kunne kjøre rundt i offentligheten med sitt kvinnefiendtlige budskap, skriver de i anmeldelsen.

    20 russegutter på Bryne vidaregåande skule har brukt omkring 3 millioner kroner på bussen. Guttene har tidligere sagt til Stavanger Aftenblad at foreldrene deres ikke er så begeistret for eksteriøret på bussen.(NTB)