Du henta gudeelden ned til jorda
og spreidde regn av gneistar for ei skuggeslekt,
du brukte gløden i din fakkel og fekk vekt
tillive fargar, tone, duft i orda.
Du strødde rimvers under vandringsferda
lik gladlynt Orfeus i leik på lyrestreng,
med kurs for Store Bjørn, di høge stjerneseng.
Vi høyrde tonar frå den dulde verda!
Du tok oss med på båt i rus - til Fabelland -
der jøklar skein som sølv og skyer stod i brann
mens skuta dansa over sjø og båar.
Så hogg du hastig hol i himlens gylne mur
og viste oss ei magisk verd, bak blå asur.
Vi takkar deg for synet - store Sjåar!