Hopp til innhold

Sondre Justad opnar opp om eigen legning

I arbeidet med det nye albumet, oppdaga Sondre Justad nye sider ved seg sjølv. I «Lindmo» laurdag fortalde han at han trur han kan forelske seg i både menn og kvinner.

HAR BLITT MEIR OPEN: Sondre Justad seier det er frigjerande og berikande å innsjå at han er bifil, og at det opnar nye dører for han kunstnarisk.

Etter debuten «Nu har du mæ» i 2014, skaut karrieren til Sondre Justad raskt fart. Musikken hans blir hyppig spelt på både strøymetenester og radio. Tittelsporet på debutalbumet, «Riv i hjertet», blei den mest spelte norskspråklege låten på radio i 2015.

Fredag kom det vanskelege andrealbumet, «Ingenting i paradis». I «Lindmo» laurdag fortalde han at arbeidet med den nye plata har fått han til å tenke gjennom ting.

– I prosessen med dette albumet har eg blitt meir open. Eg har utforska og leikt meg, og det har vore spennande. Eg har kjent på at ting ofte er meir komplekst enn det vi vil det skal vere. Vi går glipp av så mange nyansar fordi vi er opptekne av å setje ting inn i eit system.

Har oppdaga nye sider ved seg sjølv

I denne prosessen har han også lært å kjenne seg sjølv på ein ny måte, og innsett at han har nyansar han ikkje har sett tidlegare.

– Eg har kjent på at eg rommar meir, at kjærleiken er større. Eg trur det ikkje treng å vere dame eller mann for min del. Det kan gå bra med begge deler.

Er det skummelt å vedgå dette?

– Alt som er nytt er skummelt. Men det er også veldig frigjerande og inspirerande å forstå at ting ikkje treng å vere anten eller. Som kunstnar opnar det nokre dører for meg, som eg synest er spennande å utforske vidare.

Sjå Sondre Justad covre The Weeknd.

Han håper at det at han er open om dette, også skal gjere andre meir opne og ærlege.

– Det kan vere skummelt å utlevere seg sjølv i tekstar, eller sitje her og snakke om mine inste tankar. Men eg må starte med meg sjølv. Eg må gjere den innsatsen.

Manglar rollemodellar

Arne Andreas Opheim, Kommunikasjonsrådgiver i FRI

Kommunikasjonsrådgjevar Arne Andreas Opheim i organisasjonen Fri seier mange bifile manglar rollemodellar. Når Sondre Justad snakkar om at han kan forelske seg i både menn og kvinner, kan det bidra til å gjere det enklare for andre som kjenner det på same måte.

Kommunikasjonsrådgjevar Arne Andreas Opheim i organisasjonen Fri synest det er fint at Sondre Justad har funne ut av eigen legning og snakkar om det. Og meiner også at det er viktig.

– Vi veit at det er mange bifile som kjenner på at dei manglar synlege forbilde. Ein kan få inntrykk av at folk er anten homofile eller heterofile. Det at Sondre Justad no står fram, kan vere med på å synleggjere at det ikkje er slik.

Opheim seier det har ein verdi at kjende folk står fram og snakkar om identitet og legning.

– Unge menneske som er i ferd med å utforske identiteten sin, treng gode forbilde og nokon å spegle seg i. Openheit kan gjere denne prosessen enklare.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober