Stod fram som bifil – fekk «friarbrev» frå kvinner og menn

Artisten Sondre Justad blei beden ut på date av både kvinner og menn etter at han opna opp om legninga si på «Lindmo» tidlegare i år.

Sondre Justad fortalde i vår på «Lindmo» at han trur han kan bli forelska i både kvinner og menn. I etterkant fekk han «friarbrev» på Instagram frå begge både kvinner og menn.

– Det har vore litt «friarbrev» jamt over, men etter det intervjuet var det meldingar får både damer og menn om å treffast, seier han til NRK.

Sondre Justad om å vere bifil på «Lindmo».

Rekk ikkje svare alle

Justad fortel om «mykje kjærleik» og eit stort trykk på internett etter intervjuet med NRK-profil Anne Lindmo.

Han synest det er hyggeleg at folk ønskjer å gå på date med han, men han har førebels ikkje takka ja til nokon av «friarane» via Instagram.

– Eg svarar ein del, men rekk ikkje å svare på alt. Til sjuande og sist er det viktigaste for meg å lage musikk, skrive låtar og tenke på live-showet mitt. Så er det artig å lese nokre meldingar frå folk innimellom, seier nordlendingen.

Å vere sterk og sårbar

– Kvifor trur du folk nærmar seg deg på denne måten etter at du med på «Lindmo»?

– Eg trur det er ei mangelvare i Noreg og store delar av verda å snakke om kjensler og å vere ærlege med kvarandre. Vi er så redd for kva det kan føre til å vere sårbare, særleg menn og gutar.

Justad meiner at det ikkje er nokon motsetning, men at det heng saman – å vere sårbar og sterk samtidig.

– Når eg sit på TV og snakkar om kjenslene mine, ser kanskje nokon om på det som ein invitasjon på eit vis. Det er hyggjeleg. Men det er meir ein invitasjon til at vi som samfunn skal bli betre til å uttrykkje oss, for vi har mykje å gå på, seier Justad.

Han har også fått tilbakemeldingar frå folk som seier at dei kjenner på det same som han, utan å greie å setje heilt ord på det.

– Det er ikkje alltid at ting er så tydeleg eller fell inn under éin kategori. Det må vere rom for å kjenne på fleire ting samstundes, seier Justad.

Berg og dal-bane

Justad har akkurat sloppe ein fersk musikkvideo til songen «Ikke som de andre». Målet med videoen var å dokumentere den berg- og dalbana det er å formidle ulike kjensler i kvar låt gjennom ein konsert, fortel han.

– Det er herleg å stå midt i ei låt og kjenne på rusen av å vere forelska, men så kjem neste låt, og då er det over.

I vinter har artisten konsertpause, fram til festivalsesongen brakar laus att til våren.

– Framover skal planlegge kva eg skal gjere på live-showet, reise og skrive musikk.

Fersk musikkvideo frå Sondre Justad.

Kulturstrøm

  • Første afrikanske drama på Netflix

    Serien «Queen Sono» med Pearl Thusi i hovedrollen handler om en hemmelig agent som sjonglerer kriminalitetsbekjempelse og drama på privaten. Dette er første serie Netflix har fra det afrikanske kontinentet. Variety melder at serien kommer i 2019.

    Laster Twitter-innhold
  • Store forventninger til bokprosjekt

    Forfatter og manusskribent Hans Rosenfeldt jobber med et nytt storprosjekt som retter seg mot det internasjonale bokmarkedet. – Her høyner de forventningene til maksnivå – og det før jeg har noe å vise fram. Men det er vel bare å levere, antar jeg, sier forfatter Rosenfeldt. «En høyere rettferdighet» forventes utgitt i Norge i mars 2019.