For Kjell Inge Torgersen handlar det meste om musikk. Han har vore vokalist og korist i svært masse av det som rører seg i musikklivet i Stavanger og Noreg. No er han ute med eit eige prosjekt, som artisten b e r g.
Eit akustisk konsept
- Eg satsar saman med Arild Schøld. Som mangeårig musikar for artistar som Steinar Albrigtsen, Sigvart Dagsland og Sissel Kyrkjebø er han det rette for dette prosjektet, hevdar Kjell Inge.
- Kva slags prosjekt?
- Vi håper å kunne reise rundt med eit akustisk konsept. Det skal bestå av eg på vokal og han på gitar. Nært og stemningsfullt med litt humor. Gjennom musikk, bilete, opplesningar og dikt håper vi å kunne lage ei god forestilling ut av det. Og imitasjonane drar eg med inn i konseptet – både Robbie Williams og Lars Lillo Stenberg dukkar opp.
Arild Schøld.
Noregs svar på Sting?
Dreg du kjensel på Kjell Inge tek du ikkje feil. Den dyktige vokalisten gjorde det skarpt då han imiterte Sting, i TV2 konseptet "Stjerner i Sikte".
- For meg var det fyrst og fremst eit stunt, ein imitasjon. Det var svært morosamt å vere med på, men det har aldri vært noko eg tok frykteleg alvorleg. - No satsar eg på noko heilt anna, hevdar Kjell Inge.
Han er ikkje samd i at det han lagar i dag er likt Sting. Kjell Inge vil stå på eigne bein og ser ikkje noko vanskar i at han eventuelt kan likne på den britiske popstjerna.
- Assosiasjonar varierer. Desam enkelte tenker enkelte Sting, treng ikkje det vere negativt. Sjølv tenkjer eg kanskje mest Seal, Robbie Williams, Peter Gabriel, eller kanskje ei aning Anne Grethe Preus. Stemma mi er eg uansett utrusta med frå naturens side. Formidlinga og låtane er våre – og det er det me konsentrerar oss om: god formidling.
Konseptet b e r g er førebels inga stor satsing, men eg håper at eit plateselskap vil fatte interesse. Ikkje fordi eg liknar på Sting, men fordi det eg og Arild lagar er bra nok til at fleire kan få høyre om det.